Cristin-prosjekt-ID: 2500839
Sist endret: 18. januar 2021, 11:14

Cristin-prosjekt-ID: 2500839
Sist endret: 18. januar 2021, 11:14
Prosjekt

Styrking av fagleg skjønn i kommunalt barnevernsarbeid

prosjektleder

Kåre Heggen
ved Høgskulen i Volda

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Høgskulen i Volda

Finansiering

  • TotalbudsjettNOK 350.000
  • Universiteter/Høyskoler
    Prosjektkode: 2020-2021

Klassifisering

Vitenskapsdisipliner

Sosialt arbeid

Emneord

Barnevern • Sosialt arbeid • Faglig skjønn

Kategorier

Prosjektkategori

  • Faglig utviklingsarbeid

Kontaktinformasjon

Telefon
95213626
Sted
Kåre Heggen

Tidsramme

Avsluttet
Start: 1. januar 2020 Slutt: 30. desember 2022

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Styrking av fagleg skjønn i kommunalt barnevernsarbeid

Populærvitenskapelig sammendrag

I barnevernets møte med ei barnevernssak – i undersøkingsfasen så vel som når hjelpetiltak eller omsorgsvedtak skal vedtakast – vil det alltid måtte utøvast eit fagleg skjønn. Kunnskap om korleis dette skjønnet blir utøvd i barnevernet, så vel som korleis det faglege skjønnet kan styrkast, er mangelfull. I ein ny rapport frå Bufdir (2019) om behovet for auka kompetanse i barnevernet, blir det lagt vekt på at dei som jobbar i barnevernet må vere trygge i si yrkesrolle, at dei har høg profesjonalitet og analytisk kompetanse. Ferdigheiter i utøving av skjønn er ein viktig del av dette. Ei gruppe barnevernsforskarar på Vest- og Sørlandet utviklar eit forskingsprosjekt som kan styrke kunnskapen om korleis det faglege skjønnet i barnevernet blir utøvd og eventuelt kan bli betre. Målet er at eit foreløpig relativt avgrensa prosjekt kan danne grunnlag for seinare oppfølging gjennom større prosjekt. 

Vitenskapelig sammendrag

Problemstilling

1) Korleis blir det faglege skjønnet utøvd i diskusjon om omsorgsplassering og samvær i ei kompleks barnevernssak – formulert som eit konstruert kasus?

2) Korleis blir det faglege skjønnet utøvd i diskusjon om samværsordning i ein seinare fase (2 år etter) i same barnevernssak?

Forskingsspørsmål:

  • Korleis blir etablert vitskapleg kunnskap utnytta i det faglege skjønnet?
  • I kva grad og kva slags moralske vurderingar blir lagt til grunn?
  • I kva grad er skjønnet i kommunale barnevernsteam prega av homogene eller heterogene vurderingar?
  • I kva grad spelar faglege ekspertstemmer «utanfrå» inn på beslutningane?
  • Kva vekt har barnets og pårørande sine stemmer i beslutningane?
  • Korleis kan organiseringa av barnevernsteamet styrke det faglege skjønnet? 

Grunngjevinga for desse forskingsspørsmåla er at det til vanleg vil ligge både kunnskapsmessige, juridiske og moralske vurderingar til grunn for utøvinga av fagleg skjønn, meir eller mindre eksplisitt uttrykt i arbeidet med sakene. Homogene eller heterogene vurderingar siktar til kor viktig det er at diskusjonen om handteringa av ei barnevernssak kan inkludere ulike «stemmer» og kunnskaps- og verdibaserte argument, for å kome fram til «barnets beste» i slike beslutningar (Molander 2016, Zacka 2017).

Toulmin (1958) sin modell for praktisk resonnering i analysar av barnevernets utøving av skjønn i barnevernssaker er lagt til grunn. Hans modell legg vekt på kva premissar (t.d. faglege, juridiske og moralske normer) som ligg til grunn for praktisk resonnering i ei sak på måtar som legitimerer handling. I barnevernet får denne typen praktisk resonnering følgjer for kva slags vedtak eller tiltak som bli sett inn, og det er kva normer som vert gjort gjeldande som påverkar barnevernets faglege skjønn her. I ei barnevernsak vil det potensielle rommet for å utøve fagleg skjønn vere avgrensa av juridiske og politiske rammer. Det betyr at rommet for å utøve skjønn kan vere større eller mindre – sterkt eller svakt fagleg skjønn (Dworkin 1977). I det kommunale barnevernsarbeidet vil presisering av det juridiske grunnlaget samt standardisering og manualisering av arbeidsmåtar, kunne redusere skjønnsrommet. Likevel er det betydeleg rom for normativt og kunnskapsbasert skjønn. Det er viktig å utforske kva forhold eller normer som verkar med og som påverkar den praktiske resonneringa bak skjønnsvurderinga i ei barnevernssak.  

Zacka (2017) sitt omgrepsapparat for analyse av skjønnsutøving i bakkebyråkratiet ligg til grunn for prosjektet. Han skildrar ulike moralske disposisjonar som saksbehandlarar kan møte ei sak med, og viser korleis desse verkar med i dei faglege vurderingane, innanfor eit rom der ytterpunkta er tilbaketrekking, regelorientering eller «care». Han er også oppteken av at skjønnet skjer innanfor bestemte kasuistikkar (gjerne basert på korleis tidlegare saker har blitt handtert), evt. om ulike stemmer kjem til uttrykk i skjønnsprosessen. Zacka sitt omgrepsapparat opnar for å utforske korleis og i kva grad moralske vurderingar pregar barnevernet. Toulmin sin modell for praktisk resonnering i faglege vurderingar og Zacka sitt perspektiv på moralsk skjønn gir eit godt utgangspunkt for å analysere skjønnsprosessar i barnevernet.

 

Metode

Kvalitative studiar av barnevernet er metodisk og etisk utfordrande. Prosjektet vil utvikle eit nytt kvalitativt datasett: Vi vil i prosjektet gjennomføre eit empirisk prosjekt ved bruk av fokusgruppeintervju basert på konstruerte kasus av ei komplisert barnevernssak, i to fasar av saka, som problemstillinga viser, i diskusjonen om omsorgsplassering og samvær, samt to år seinare i diskusjonen om framhald/endring av samvær.

Det nye datamaterialet vil bli sett i relasjon til arbeid forskarane tidlegare har gjennomført om sakshandsaminga i det kommunale barnevernet, men der hovudvekta av analysane ikkje har vore lagt på utøvinga av fagleg skjønn. Det gjeld m.a. (Heggen, Jørgensen og Rød 2013, Iversen og Heggen 2015, Heggen og Dahl 2017, Heggdalsvik, Rød og Heggen 2018). Eit slik materiale vil danne eit godt utgangspunkt for utforsking av forskingsspørsmåla som er skissert over. Bruken av dette datamaterialet skaper ikkje store etiske utfordringar. Dette fordi ein vil utnytte allereie innsamla og anonymisert materiale og fordi det nye datamaterialet som skal innsamlast vil byggje på konstruerte (ikkje reelle) barnevernssaker.

prosjektdeltakere

prosjektleder

Kåre Heggen

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Høgskulen i Volda

Jorunn Gjedrem

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Universitetet i Agder

Hege Sundt

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Høgskulen på Vestlandet

Inger Kristin Heggdalsvik

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Høgskulen på Vestlandet

Egil Arne Standal

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Høgskulen i Volda
1 - 5 av 10 | Neste | Siste »