12.mars 2020 varsla den norske regjeringa, ved statsminister Erna Solberg, dei strengaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid. Den 13.mars vart alle barnehagar og skular stengt som eit tiltak mot Corona-epidemien. 07.april 2020 informerte regjeringa om at barnehagane igjen kunne opnast frå og med 20.april 2020, men med anna organisering og strengare smittevernomsyn enn tidlegare. Eitt av dei viktigaste smitteverntiltaka var å avgrense talet på nærkontakt mellom barn og vaksne (Helsedirektoratet, 2020). Faste grupper, kalla kohortar, skulle etablerast og som hovudregel skulle ein kohort ta utgangspunkt i barnehagen si gruppeinndeling og bemanningsnorma (minimum 1 tilsett per 3 barn under 3 år og minimum 1 tilsett per 6 barn over 3 år). Storleiken på kohortane kunne tilpassast lokale forhold og det var mogleg med samarbeid mellom to kohortar. Foreldre skulle, så langt som mogleg, ikkje inn i barnehagebygget. Personale frå barnet sin kohort skulle møte barnet ute om morgonen og levere barnet til foreldra ute om ettermiddagen.
I 2016 starta Utdanningsdirektoratet årlege foreldreundersøkingar i barnehagar over heile landet. Resultata har vist at foreldra totalt sett er fornøgde med barnehagetilbodet (Utdanningsdirektoratet, 2020). Dei er særskilt fornøgd med barnet sin trivsel og tryggleik på personalet. Foreldra er mindre fornøgd med personaltettleiken, informasjon og medverknad.
Forskingsspørsmål:
- I kva grad opplever foreldre ei positiv endring i samarbeidet (medverknad, informasjon, henting og levering) med barnehagen etter at barnehagane opna igjen etter Corona-stenging?
- I kva grad opplever pedagogar ei positiv endring i samarbeidet (medverknad, informasjon, henting og levering) med foreldra etter at barnehagane opna igjen etter Corona-stenging?
- I kva grad er det samanheng mellom foreldra sine opplevingar og pedagogane sine opplevingar?
- I kva grad varierer foreldre og pedagogane si oppleving basert på foreldra sin bakgrunn?
Hypotese: På grunn av at barnegruppene måtte organiserast i mindre kohortar med fast personale, og personalet måtte ha ein-til-ein kontakt med foreldra ved levering og henting, opplever foreldre og pedagogane ei betring i samarbeidet (informasjon, medverknad, levering og henting) etter at barnehagane opna igjen etter Corona-utbrotet 2020. Foreldre med minoritetsspråkleg bakgrunn som kanskje tidlegare har hatt utfordringar med kommunikasjon i ein travel levering- og hentesituasjon, opplever i større grad enn foreldre med majoritetsbakgrunn ei positiv endring i samarbeidet etter Corona-stengde barnehagar enn tidlegare.