Udokumentert fråvær («dropout»)
Bakgrunnen for prosjektet er å hindre dropout frå skulen i Bømlo kommune gjennom tidleg innsats og førebygging. Å finne fram til og praktisere rutinar som ivaretek at den enkelte elev får oppfølging og rådgjeving før ein kjem i den situasjonen at eleven står i fare for å droppe ut. Bømlo kommune har etter søknad fått tildelt midlar frå Helsedirektoratet. I tillegg til å arbeide på systemnivå, skal prosjektleiar og arbeide på individnivå med elevar som av ulike årsaker har høgt fråvær og som slit med å meistre skulekvardagen/kvardagen. Prosjektet er knytt til Barne- og familietenesta og er ein del av skulehelsetenesta i Bømlo. Dette prosjektet vil i fyrste omgang ha målretta fokus på fråfall i skulen knytt til psykisk helse.
Forsking viser at ein allereie på ungdomstrinnet kan finne indikasjonar på kva elevar som kan vere i faresona for å falle i frå eller velje bort vidaregåande opplæring. Det er hovudsakleg elevar med høgt fråvær, sviktande motivasjon og svake resultat. Ungdomstrinnet er såleis eit kritisk stadium i utdanningsløpet som er med å danne grunnlag for den vidaregåande opplæringa (Buland, Hamn, Finbak & Dahl, 2007; Hernes 2010; ST.meld.nr.44 (2008-2009).
Med bakgrunn i forskningsbasert kunnskap og analyse av eksisterande reglement, vil prosjektet gje skuleleiinga grunnlag for å revidere gjeldande fråværsreglement