Cristin-prosjekt-ID: 2503661
Sist endret: 8. februar 2021, 10:41

Cristin-prosjekt-ID: 2503661
Sist endret: 8. februar 2021, 10:41
Prosjekt

Studentaktive praktiske og estetiske læringsformer og læringsfremmande vurderingsformer som kjernepraksisar i grunnskulelærarutdanning 1- 7 (SPREK) Prosjektinformasjon.

prosjektleder

Helga Aadland
ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning

Tidsramme

Avsluttet
Start: 10. desember 2018 Slutt: 3. mai 2019

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Studentaktive praktiske og estetiske læringsformer og læringsfremmande vurderingsformer som kjernepraksisar i grunnskulelærarutdanning 1- 7 (SPREK) Prosjektinformasjon.

Vitenskapelig sammendrag

Prosjektet “Studentaktive, praktiske og estetiske læreprosessar som kjernepraksisar (SPREK) er eit
pedagogisk utviklingsarbeid i studieprogrammet for grunnskulelærarutdanninga 1-7 (GLU 1-7) ved
Høgskulen på Vestlandet (HVL) campus Stord. SPREK er eit FoU-basert prosjekt som siktar mot å
revidera og redesigna lærings- og vurderingsformer i syklus 1 i GLU 1-7. Dei praktiske og estetiske faga
sine eigenartar er godt eigna som metode- uttrykks- og kommunikasjonsreiskap i arbeid med fag og
tema både i grunnskulen og i GLU 1-7. SPREK-prosjektet inneheld 6 arbeidspakkar som spenner breitt
og speglar læringsutbyteformuleringane i mange fag og emne i dei tre første åra (syklus 1) av GLU 1-7.
Arbeidspakkane har som mål å utvikla og prøva ut studentaktive læringsformer og læringsfremmande
vurderingsformer som legg til rette for djup og heilskapleg læring og refleksjonskompetanse hjå
studentane. I arbeidspakkane øver studentane på eit variert repertoar innan undervisningsmetodar,
organisering og vurdering som dei prøver ut og evaluerer på campus og i praksis.
Arbeidspakkane er:
1. Uteskule med vekt på kroppsbaserte, praktiske og estetiske læringsprosessar
2. Song, stemme, rørsle som repertoar for motiverande klasseleiing
3. Jakta på orda som forsvann - leikande undervisning og læring i begynnaropplæringa
4. Artar, skapande tekst og formuttrykk - frå fakta til fiksjon (ARTig)
5. Frå idé til framsyning
6. SPREK-praksisar som skulebaserte innovasjonar
SPREK-prosjektet vil ta i bruk det digitale verktøyet Mentoring and Observation Software (MOSO) med
sikte på auka studentaktivitet i vurderingsarbeidet, betre observasjonskvalitet og rettleiingskvalitet i
utprøvingar. Slik blir fleire av kompetanseområda i læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
(PfDK) løfta fram og øvd på i SPREK-prosjektet (Utdanningsdirektoratet, 2018). Center for Creativities,
Arts and Science in Education (CASE-senteret, HVL) vil fungera som støtteining og samarbeidspartnar
undervegs og i spreiing.
 

Begrunnelse for avslag
I vurderingen av søknadene ble en skala fra 1 (dårlig) til 7 (fremragende) benyttet.
Deres søknad fikk karakteren 6 – Svært godt av vurderingskomiteen. Komiteens
begrunnelse og tilbakemelding er vedlagt.

«Prosjekter tildeles på bakgrunn av de søknadene som holder høyest kvalitet.
Dersom flere søknader har like høy kvalitet, vil tematisk, faglig og institusjonell
variasjon i porteføljen bli prioritert.»

prosjektdeltakere

prosjektleder

Helga Aadland

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet

Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet

Charlotte Tvedte

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet
Aktiv cristin-person

Gunn Tone Iversen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet

Marit Kulild

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 5 av 6 | Neste | Siste »