Cristin-prosjekt-ID: 2503669
Sist endret: 8. februar 2021, 11:30

Cristin-prosjekt-ID: 2503669
Sist endret: 8. februar 2021, 11:30
Prosjekt

"The Campfire" - fagnær digital teknologi og praktiske og estetiske læreprosessar i lærarutdanninga

prosjektleder

Helga Aadland
ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning

Tidsramme

Avsluttet
Start: 21. september 2019 Slutt: 19. desember 2019

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

"The Campfire" - fagnær digital teknologi og praktiske og estetiske læreprosessar i lærarutdanninga

Vitenskapelig sammendrag

Redegjør for prosjektets bakgrunn, formål og valg av tematisk område
Prosjektet "The Campfire" er eit pedagogisk utviklingsarbeid i studieprogrammet for grunnskulelærarutdanninga 1-7(Glu 1-7) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Stord. Den tverrfaglege og didaktiske kjernen i prosjektet er analoge og digitale metodar og læringsprosessar knytt til dei praktiske og estetiske faga. Eigenarten til dei praktiske og estetiske faga er godt eigna som metode- uttrykks- og kommunikasjonsreiskap i arbeid med mange fag og tema både i utdanninga og i grunnskulen. Prosjektet skal utvikla FoU-basert kunnskap og siktar mot å revidera og vidareutvikla læringsdesign innanfor praksisemnet MGBPR101 (Høgskulen på Vestlandet, [HVL], 2019b) gjennom aktiv læring, samarbeid og fagnær, kritisk og kreativ bruk av Canvas Studio (Instructure, 2019).


Praksisopplæringa og undervisning og læring i studiefag heng nøye saman i prosjektet. Det startar med ei overnatting i lavvoar der studentane får modellert og øvd på uteskule som metode, og der studentane arbeider aktivt med ulike praktiske og estetiske aktivitetar knytt til kunst og handverk, kroppsøving, musikk, pedagogikk, drama og norsk.

I møtet rundt bålet om kvelden dreier dialogen og refleksjonane seg om korleis ein kan leia, organisera og bruka erfaringane frå prosjektet "The Campfire" i eigen praksis. Møtet rundt bålet er knytt til oppleving,samtale og refleksjon, noko som går som ein raud tråd gjennom heile prosjektet i form av fysiske møte, men og som ein metafor for dei ulike digitale og planlagde møta som strekkjer seg gjennom heile semesteret (sjå figur 1 vedlegg 1).

Prosjektet er uttrykk for ei tru på at det å knyta saman kreative og praktiske metodar og fag med digitale hjelpemiddel er med på å forstørra og utdjupa studentane sin læringsprosess. Dette skjer både gjennom metarefleksjon i ulike
samanhengar, som eit møte mellom faglærarar og studentar og mellom studentar, praksislærarar og faglærarar. Potensialet i samspelet mellom det analoge og fagnær digitalitet i praksisemnet MGBPR101 (HVL, 2019b) og i fagfeltet er verken utnytta eller godt nok utvikla med tanke på lærarstudentar sin digitale kompetanse og aktive læring i grunnskuleutdanninga 1-7. Dei nasjonale retningslinjene for grunnskulelærarutdanningane 1.-7. trinn og 5.-10. trinn (Universitets- og høyskolerådet, 2018 a og b) stiller krav om at alle kandidatar kan bruka varierte undervisningsmetodar og leggja til rette for estetiske læreprosessar. I utvikling av ny 5-årig grunnskulelærarutdanning ved HVL har ein i studieprogramplanen lagt inn profesjonsfagleg digital kompetanse og det fagovergripande temaet praktiske og estetiske læreprosessar i ei så kalla "progresjonstrapp". Formålet med prosjektet "The Campfire" er å undersøka korleis kritisk og kreativ bruk av Canvas Studio (Instructure, 2019) kan støtta, utvida og utdjupa studentane sitt læringsutbytte, der aktiv læring, samarbeidslæring og vurdering av kvarandre står i fokus. Aktiv læring og samarbeidslæring er våre tematiske område og studentaktivitetane og samarbeidet mellom studentar, lærarar og praksislærarar skal knytast til
praksisemnet MGBPR101.
 

Vedtak:
Søknad Dig-2020/10048 "The Campfire" - fagnær digital teknologi og praktiske og
estetiske læreprosessar i lærarutdanninga fra Høgskulen på Vestlandet tildeles
ikke midler.

 

prosjektdeltakere

prosjektleder

Helga Aadland

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet

Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet

Charlotte Tvedte

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet
Aktiv cristin-person

Gunn Tone Iversen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet

Marit Kulild

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 5 av 6 | Neste | Siste »