StudData er ein database som skal gje grunnlag for panel- og forløpsstudiar. Det er ei større og langsiktig satsning som omfattar alle profesjonsutdanningane ved Høgskolen i Oslo, og utvalde utdanningar ved ti andre høgskolar og universitet. Alle forskere kan søke om tilgang til data.
StudData gjer kunnskap om m.a.:
• kvifor unge menneske søkjer om studieplass ved t.d. lærar-, sjukepleiar- eller journalistutdanninga
• kor viktige utdanningane er for deira framtidige yrkesutøving
• kva det er ved utdanningane som særleg er viktig
• kor tilfredse dei er med utdanninga
• korleis motivasjon og yrkeskarrieren er til t.d. sosialarbeidarar, fysioterapeutar og førskolelærarar
• i kva grad og korleis yrkesfeltet fungerer som kvalifiseringsarena
• kvifor nokon vel å slutte i yrket, medan andre held fram
Oversikt over panel og fasar i StudData prosjektet