Cristin-prosjekt-ID: 354612
Sist endret: 16. februar 2018 11:36
Cristin-prosjekt-ID: 354612
Sist endret: 16. februar 2018 11:36
Prosjekt

Soga om Sogn og Fjordane

prosjektleder

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

Finansiering

Klassifisering

Kontaktinformasjon

Tidsramme

Beskrivelse

  • Norsk

Tittel

Soga om Sogn og Fjordane

Sammendrag

Prosjektet ”Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane” skal skriva historia til Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Arbeidet skal enda opp i eit publiseringsklart manuskript til eit verk på fire band. Det skal bli eit forskingsbasert historieverk skrive for den historieinteresserte ålmenta.

Det skal bli ei brei samfunnshistorie frå dei eldste tider til i dag om Sogn og Fjordane. Verket vil både ta føre seg den økonomiske utviklinga, folketalsutviklinga, kulturelle og sosiale tilhøve, administrative endringar og viktige institusjonar i fylket. Det vil stå sentralt å gje ei samlande forklarande framstilling som integrerer ei rekkje sentrale historiske tema.

Eit gjennomgåande perspektiv vil vera samanlikning mellom andre fylke/regionar for å kartleggja særpreg og likskapar, og ikkje minst indre variasjon i fylket. Sentralt vil det òg stå å analysera Sogn og Fjordane som identitetsfellesskap i lys av at det er eit ’ungt’ fylke som fyrst vart oppretta som Nordre Bergenhus amt i 1763 utan å ha vore ei samla eining tidlegare. Dette reiser både viktige spørsmål om indre einskap og spenningar. Viktig vil det òg vera å kartleggja årsakene til og konsekvensane av mangelen på eit historisk sterkt sentrum i fylket. I samanheng med dette vil òg dei ytre kontaktane og dei indre kommunikasjonane i det topografisk utfordrande fylket bli granska.Verket vil vera kronologisk disponert. Dei fire banda er:

1. Frå den eldste tida til 1750 (forfattarar: Harald Endre Tafjord og Harald Johannes Krøvel)

2. Tida frå 1750 til 1875 (forfattar: Anders Timberlid)

3. Tida frå 1875 til 1945 (forfattar: Oddmund L. Hoel)

4. Tida etter 1945 (forfattar: Hege Roll-Hansen)

Historikarmiljøet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har hovudansvaret for prosjektet og ansvaret for band 2, 3 og 4. Historikarmiljøet ved Høgskulen i Volda har ansvaret for band 1. Hovudredaktør og fagleg ansvarleg for prosjektet er professor Ola Svein Stugu (NTNU).

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, HiSF og HVO. Ein viktig bakgrunn for prosjektet er 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke i 2013.

Vitenskapelig sammendrag

Regionhistoria "Soga om Sogn og Fjordane" (4 band) er hovudresultatet av forskingsprosjektet ”Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane”, og verket dekkjer soga til Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Prosjektet gjekk ut på å utarbeide publiseringsklart manuskript til bokverket, som vart lansert 17. oktober 2017. Siktemålet har vore å skrive eit forskingsbasert historieverk for den historieinteresserte ålmenta gjennom å gje ei ei brei samfunnshistorisk framstilling av Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag.

Verket er vera kronologisk disponert. Forfattarar er Harald Krøvel og Harald Tafjord (bd. 1, før 1763), Jan Anders Timberlid (bd. 2, 1763-1875), Oddmund L. Hoel (bd. 3, 1875-1945) og Hege Roll-Hansen (bd. 4, etter 1945).

Historikarmiljøet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Høgskulen på Vestlandet) har hatt hovudansvaret for prosjektet og ansvaret for band 2, 3 og 4. Historikarmiljøet ved Høgskulen i Volda har hatt ansvaret for band 1. Redaktørar er Ola Svein Stugu (NTNU/HiSF, prosjektleiar) og Hans Jacob Orning (UiO/HVO).

Meir informasjon om forskingsprosjektet (HVL)

Meir informasjon om bokverket (Fagbokforlaget)

prosjektdeltakere

Resultater

Soga om Sogn og Fjordane: Kvifor vart me annleis?

Hoel, Oddmund Løkensgard. 2018, Føredrag. HVLFaglig foredrag

Grunnlovas far og det store fallet i vest.

Timberlid, Jan Anders. 2017, HVLIntervju

I noregstoppen etter stort «lærarløft» på 1800-talet.

Hoel, Oddmund Løkensgard. 2017, HVLIntervju

Reformasjonen i Sogn.

Krøvel, Harald Johannes. 2017, Årbok for Sogn. HVOPopulærvitenskapelig artikkel

Annleisfylket - ny historie.

Hoel, Oddmund Løkensgard. 2017, HVLIntervju