Cristin-prosjekt-ID: 358363
Sist endret: 10. november 2017 13:26

Cristin-prosjekt-ID: 358363
Sist endret: 10. november 2017 13:26
Prosjekt

Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning ("Normprosjektet")

prosjektleder

Synnøve Matre
ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Finansiering

  • Norges forskningsråd
    Prosjektkode: 212303/H20

Klassifisering

Emneord

Formativ vurdering • elevtekster • Skriveutvikling • Skriving i skolen

Kategorier

Prosjektkategori

  • Anvendt forskning

Tidsramme

Avsluttet
Start: 1. januar 2012 Slutt: 31. mars 2016

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning ("Normprosjektet")

Populærvitenskapelig sammendrag

Normprosjektet er eit landsomfattande forskingsprosjekt om skriving i alle fag i grunnskulen, finansiert av Noregs Forskingsråd (2012–2016). Det fulle namnet på prosjektet er «Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning». Prosjektet har som mål å utvikle eksplisitte forventningsnormer for skriving og prøve desse ut som grunnlag for skriveopplæring og vurdering. Både utvikling av elevane sin skrivekompetanse og lærarane sin vurderingskompetanse er i fokus.

I Normprosjektet ser ein skriving som ein viktig føresetnad for læring og deltaking i eit demokratisk samfunn. Prosjektet er forankra i eit funksjonelt syn på skriving. Det inneber at ein legg vekt på kva ein kan gjere med skrift og kva ein kan oppnå gjennom skriving. Skrivehandlingar og føremål blir dermed sentrale omgrep, saman med semiotiske ressursar som realiserer relasjonen mellom handling og formål i ulike tekstar. Denne forståinga av skriving er presentert i konstruktet Skrivehjulet www.skrivesenteret.no/ressurser/skrivehjulet/).

Normprosjektet samarbeider med 20 prosjektskular frå heile landet, som gjennom to år har fått skolering i prosjektet sine perspektiv på skriving og vurdering og arbeidd systematisk med å legge desse til grunn for skriveopplæring på mellomtrinnet. Elevane skriv tekstar der dei bruker ulike skrivehandlingar for ulike formål i alle fag, og lærarane bruker forventningsnormene som utgangspunkt for vurdering av tekstar og tilbakemeldingar til elevane. Prosjektet har samla inn ei stor mengd elevtekstar, vurderingsdata og anna materiale som vil danne grunnlag for omfattande forsking på elevtekstar, skriveutvikling, læringsstøttande vurdering og tolkingsfellesskap.

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire fag og institusjonar. Prosjektansvarleg institusjon er Høgskulen i Sør-Trøndelag, og prosjektet blir leia av Synnøve Matre (leiar) og Randi Solheim (nestleiar). Forskargruppa består elles av Kjell Lars Berge, Universitetet i Oslo, Lars Sigfred Evensen og Hildegunn Otnes, NTNU, Ragnar Thygesen, Universitetet i Agder og Gustaf Skar, HiST/Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking.

prosjektdeltakere

prosjektleder

Synnøve Matre

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Randi Solheim

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Kjell Lars Berge

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo

Lars Sigfred Evensen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for språk og litteratur ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Hildegunn Otnes

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for lærerutdanning ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 5 av 10 | Neste | Siste »

Resultater Resultater

Assessment for Learning and Standards: A Norwegian Strategy and Its Challenges.

Skar, Gustaf Bernhard Uno; Thygesen, Ragnar; Evensen, Lars Sigfred. 2017, Springer. NTNU, UIAVitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel

Opening dialogic spaces: Teachers’ metatalk on writing assessment.

Matre, Synnøve; Solheim, Randi. 2016, International Journal of Educational Research. NTNUVitenskapelig artikkel

The Wheel of Writing: a model of the writing domain for the teaching and assessing of writing as a key competency.

Berge, Kjell Lars; Evensen, Lars Sigfred; Thygesen, Ragnar. 2016, Curriculum Journal. NTNU, UIO, UIAVitenskapelig artikkel

Standards as a tool for teaching and assessing cross-curricular writing.

Evensen, Lars Sigfred; Berge, Kjell Lars; Thygesen, Ragnar; Matre, Synnøve; Solheim, Randi. 2016, Curriculum Journal. NTNU, UIO, UIAVitenskapelig oversiktsartikkel/review

Skriveopplæring og læringsstøttende vurdering - erfaringer fra Normprosjektet.

Otnes, Hildegunn; Smemo, Jorun. 2015, Samling for lærere i Dovre kommune. NTNUFaglig foredrag
1 - 5 av 24 | Neste | Siste »