Feittløyselege vitamin, slik som E vitamin, er viktige for drøvtyggjarane for å halde vedlike optimal immunfunksjon, for fertilitet og for å sikre høg kvalitet av mjølke- og kjøttprodukt. I økologisk produksjon er det viktig å finne alternativ til syntetiske vitamin, som E vitamin (tokoferol). I syntestisk E vitamin har 87,5 % av molekylene ein ikkje-naturleg konfigurasjon og er lite effektiv biologisk. Det er såleis viktig for den økologiske gardbrukaren å finne naturlege vitamin- og antoksidantkjelder som er enkle å handtere. I det omsøkte prosjektet skal ulike tang- og tareartar granskast for innhald av alfa-tokoferol og deira antioksidative aktivitet for å finne moglege nye fôrtilskot. I eit forsøk med mjølkeku, skal effekten av tilskot av tangmjøl og naturleg E vitamin på innhald av alfa-tokoferol i mjølka og den oksidative stabiliteten hos fersk mjølk og rømme granskast. I eit anna forsøk skal effekten av dei same forsøksfaktorane, tilskot av tangmjøl og naturleg E vitamin, på immunologi og bakteriefloraen i mage og tarm hos sau og lamma deira testast.