Cristin-prosjekt-ID: 403394
Sist endret: 10. desember 2007, 00:00

Cristin-prosjekt-ID: 403394
Sist endret: 10. desember 2007, 00:00
Prosjekt

Kulturformidling gjennom drama

prosjektleder

Johanne Øvstebø Tvedten
ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet

Klassifisering

Vitenskapsdisipliner

Humaniora

Emneord

Kulturformidling • Kystkultur • Lokalhistorie • Dramapedagogikk

Tidsramme

Avsluttet
Start: 1. oktober 2001 Slutt: 1. april 2002

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Kulturformidling gjennom drama

Sammendrag

Lærarane ved Malmanger skule i Rosendal kontakta dramaseksjonen ved HiB med ynskje om å lære korleis dei kunne bruke drama i den vanlege undervisninga. Samstundes lyste Statens lærarkurs ut midlar for kurs som kom inn under nemninga ”Den kulturelle skolesekken”. Søknaden om midlar fekk positivt svar, og det vart difor bestemt at kurset skulle handle om formidling av lokal kulturhistorie, samstundes som det skulle gi innføring i generell dramapedagogikk. Mette Bøe Lyngstad og eg samarbeidde så om opplegget. Rosendal har eit av Norges beste utstillingar av verkty, arbeidmåtar og handverk knytt til gamle skipsbyggingstradisjonar. På kaia ligg museet, i dei gamle lokala til Skåluren Skipsbyggeri. Kommunen sitt kulturkontor var svært opptekne av å få levandegjort utstillinga for skuleborn, og få lærarane til å bruke den meir aktivt i undervisninga. Med dette som utgangspunkt, delte vi kurset inn i tre deler: 1. Innføring i dramapedagogiske metodar og arbeidsmåtar, frå det heilt enkle til dei meir samansette forløp. 2. Eksempelpåundervisningsopplegg der formidling av lokal kulturhistorie skjer gjennom drama: a. Frå prosjektet ”Levande fortid” ved Moster Amfi, Bømlo. Der er utvikla undervisningsopplegg for alle klassesteg i formidling av lokal religions- og kulturhistorie gjennom fortellarkunst og drama. b. Gjennomgang av eit nytt opplegg (dramaforløp) laga for mellomtrinnet, om dei vanskelege 1870-åra langs Vestlandskysten, Nordlandsfarten, og skipsbygginga ved Skåluren verft. Vi gjorde bruk av mange ulike dramakonvensjonar (innfallsvinklar og arbeidsmåtar) i eksempla, og arbeidde konkret i museet med rollespel, mime, etc. 3. Utarbeiding av eit nytt forløp for småskulesteget om Baroniet i Rosendal. Gruppearbeid og felles oppsummering av moglege fokuseringspunkt og konvensjonar. Etterarbeid: Eg er i gang med ein rapport frå kurset, med oversikt over alle dramakonvesjonane vi arbeidde med, og oppsett av dei nye dramaforløpa om lokal kulturformidling. Denne rapporten skal leggast ut på skulenettet i kommunen, slik at andre lærarar kan gjere seg bruk av undervisningsopplegga.

Vitenskapelig sammendrag

prosjektdeltakere

prosjektleder

Johanne Øvstebø Tvedten

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet

Mette Bøe Lyngstad

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 2 av 2