Cristin-prosjekt-ID: 409827
Sist endret: 30. januar 2014 14:03
Cristin-prosjekt-ID: 409827
Sist endret: 30. januar 2014 14:03
Prosjekt

Strategisk høgskuleprosjekt: Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder

prosjektleder

Atle Døssland
ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Historisk institutt ved Høgskulen i Volda
  • Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda

Tidsramme

Avsluttet
Start: 1. januar 2008 Slutt: 31. desember 2013

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Strategisk høgskuleprosjekt: Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder

Vitenskapelig sammendrag

Prosjektet fokuserer på ei etablert førestilling: at det i perioden ca. 1660–1870 fanst ei enkel kulturell todeling i det norske samfunnet – ein elitekultur (der embetsmannsgruppa dominerte) og ein folkekultur (der bondegruppa dominerte). Prosjektet vårt set spørsmålsteikn ved eit slikt essensialistisk syn, eller vil i det minste nyansere denne todelinga. For det første var både elitesjiktet og bondesjiktet langt meir mangfaldige enn denne tokulturlæra tilseier. Dei var også gjennomskorne av vertikale band (patron-klient-band). For det andre er det vår hypotese at det fanst vesentlege regionale kulturskilnader, og dermed også skilnader i korleis kulturmøta arta seg. Prosjektet vil difor ha eit regionalt fokus. Teoriar og typologiar kring disiplinering, samfunnsorganisering og, ikkje minst, patron-klientrelasjonar vil vere viktige reiskapar under tilnærminga.

Prosjektet vil bli gjennomført som tre integrerte delprosjekt:

1. Embetsmenns og bønders orienteringsverd, eigenoppfatning og kulturelle særtrekk – ein regional komparasjon.

2. Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve til bondesamfunnet. Mikrohistorisk tilnærming.

3. Maktbasis, maktutøving og regionale tilpassingar.

Prosjektmedarbeidarar er ei gruppe fast tilsette ved Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kristendom (RLK). I tillegg vil vi ha eit formalisert samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt. Forskinga vil likevel i størst omfang skje gjennom to utlyste doktorgradsstipend og eitt post doc.-stipend. Professor Atle Døssland vert ansvarleg for det samla prosjektet, medan ansvaret for delprosjekta ligg på andre i gruppa.

Prosjektleiar: Professor Atle Døssland

Leiar delprosjekt 1: Direktør Knut Sprauten, Norsk lokalhistorisk institutt

Leiar delprosjekt 2: Førsteamanuensis Arnfinn Kjelland

Leiarar delprosjekt 3: Professor (em.) Brynjulv Gjerdåker og dosent Birger Løvlie

For publikasjonar, sjå heimesida (lenke nedafor)

prosjektdeltakere

prosjektleder

Atle Døssland

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda

Knut Sprauten

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker

Arnfinn Kjelland

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker

Brynjulv Gjerdåker

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker

Birger Løvlie

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
1 - 5 av 8 | Neste | Siste »