Sammendrag
Prosjektet tek opp bakgrunn og føresetnad for hovudavtalen for jordbruket 1950.
Linjene er strekt attende til 1930-åra då den sosiale og økonomiske krisa i
jordbruket utløyste store endringar ndg organisasjonsutvikling i jordbruket,
intervensjon i næringa og offentlege støtteordningar. Avtalesystemet er slik
kopla til den sterke oppbygginga av næringsorganisasjonane i jordbruket, til
reguleringa og styringa av næringa og til det stadig tettare samkvemet mellom
næring og stat. Det behandla tidsrommet er delt i tre faser. 1930-åra då
jordbruket gjennom omsetningsordningane vart innordna i eit organisert
reguleringssystem. Krigsåra som førte jordbruket inn i eit enda sterkare
regulerings- og kontrollsystem, og, for det tredje, perioden 1945-50 då
spørsmålet var kva plass jordbruksnæringa skulle ha i det planøkonomiske
systemet regjeringspartiet prøvde å byggje opp. Her stod prisspørsmålet i ei
særstilling. Ei hovudlinje er å syne korleis integrasjonen mellom næring og
staten vart sterkare. Men avtalen i 1950 var ikkje berre eit vitnemål om denne
integrasjonen, men at staten også fekk større kontroll samstundes som næringa
fekk større rom for sjølvregulering. I denne samanhengen tek prosjektet opp
utviklinga i lys av teoriar om korporatisme.
Vis fullstendig beskrivelse
Vitenskapelig sammendrag