Sammendrag
1. Omfanget av organisert fysisk aktivitet i skuletida utanom kroppsøvingsfaget
og friminutta. – Ei kartlegging av bruken av friluftsliv og andre aktivitetar
i grunnskulane i Sunnhordland og i nord Rogaland.
Kroppsøvingsseksjonen ved HSH kartlegg i denne undersøkinga det totale omfanget
av fysisk aktivitet som kjem i tillegg til den obligatoriske undervisninga i
kroppsøving og friminuttaktivitet. Kva type aktivitet det er tale om,
friluftsliv, idrett og leik, er registrert. Det er og registrert sentrale
rammefaktorar som kan vera med på å kasta ljos over resultata.
Datamaterialet vart samla inn i ei survey undersøking som omfatta 94 skular
(N=94) fordelt på 16 kommunar. Heile 84 % av skulane har ein eller annan form
for organisert fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget og friminutta.
Faktisk nyttar nesten 75 % seg av friluftslivrelaterte aktivitetar (n=84).
Dette er atskillig meir enn for kategoriane leik (21 %) og idrett (40 %)..
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom J. Nerland, T. Arnesen og
grunnfagsstudentar idrett 03-04.
Resultata, som inkluderar eit oversyn over tiltak i vårt distrikt, verdt sendt
elektronisk til alle skulane. Me lagar dessutan ei nettside som kan fungera
som ein idébank for skulane i deira vidare arbeid. Sida vil i tillegg til
resultata frå undersøkinga gje
ei oversikt over litteratur, forsking og gode nettstader som omhandlar
fagområdet.
Vis fullstendig beskrivelse
Vitenskapelig sammendrag