Sammendrag
I tidlegare samarbeidsprosjekt mellom Tine og Institutt for husdyr- og
akvakulturvitenskap fann vi at det var mykje av det vi trur er eit null-allel
i alfa-sl-kasein-genet i to geitgardar i Nord-Noreg. Dette hadde påviseleg
samanheng med viktige mjølkeproduksjonsparameter. Seinare har vi og kartlagt
genetiske variantar i dei fire kaseingena for 450 avlsbukkar som er brukt i
seinare år. På grunnlag av dette er det etablert om lag 20 sannsynlege
kaseinhaplotypar for norsk geit, og samanhengen mellom haplotypane til bukkar
og produksjonen til døtrene er analysert. Det er og etablert teknikk for å
måla mengde mRNA av kaseinallela etter å ha tatt biopsiar av jurvev av geit.
I dette forsøket, som er sett i gang i samband med at Tine har eit prosjekt for
å sjekka mengda av frie feittsyrer og lukt og smak i melk hos geit i 8
besetningar (Tinenummer 673 "Kartlegging av frie fettsyrer, lukt/smak og
kaseinvarianter fra enkeltgeiter"), skal ein bestemma kaseingenvariantane til
desse ca 500 geitene. I tillegg vil ein analysera kaseingenvariantane for ein
del avlsbukkar som er komne til etter dei som ein har analysert tidlegare, og
for seminbukkar som har vore i bruk tidlegare der ein har lagersæd som kan
analyserast for dna. Til saman skal det analyserast blodprøver av 1000 dyr.
Tine betaler lab-kostnadar for analysen, og lab-teknikar i 2 månadar.
IRA er interessert i å bidra med statistisk analyse av data i den grad det
finst ledig kapasitet, for å kunna publisera resultata, men kan ikkje
garantera dette.
Vis fullstendig beskrivelse
Vitenskapelig sammendrag