Cristin-prosjekt-ID: 461163
Sist endret: 16. august 2018 07:41

Cristin-prosjekt-ID: 461163
Sist endret: 16. august 2018 07:41
Prosjekt

Strategisk forskningsprogram i innovasjon og verdiskaping i reiselivet

prosjektleder

Ove Oklevik
ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Tidsramme

Avsluttet
Start: 10. november 2014 Slutt: 31. desember 2019

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Strategisk forskningsprogram i innovasjon og verdiskaping i reiselivet

Populærvitenskapelig sammendrag

Reiselivet har eit stort behov for forsking som verkemiddel for å utvikle ei konkurransedyktig og berekraftig næring, for å få betre lønsemd i næringa og for å utløyse ny vekst i talet på kunnskapsintensive arbeidsplassar knytt til næringa.

 

Reiselivsnæringa utgjer omlag 10% av den samla verdiskapinga i næringslivet i Sogn og Fjordane, mot 2,7% på landsbasis (2010). Veksten i næringa har vore relativt høgt siste åra, men då primært i transport- og serveringsverksemdene. Overnattingsbedriftene slit og har opplevd svekka lønsemd, til liks med distriktshotell i andre deler av landet.

 

Prosjektet "Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane" (VF rapport nr 12/2011 s.42-56) analyserte status og utviklingspotensialet for reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane. M.a. fann vi at reiselivsnæringa i S&Fj har eit unikt natur- og kulturgrunnlag i verdsklasse, men verdiskapingspotensialet er svakt pga store utfordringar innan næringsstruktur og kompetanse. Strategisk program for innovasjon og verdiskaping skal bygge vidare på analysane og tilrådingane herfrå.

 

Norsk reiselivsnæring generelt, og næringa i vår region spesielt, må bli meir kunnskapsbasert og innovativ for å møte nye og auka krav hjå kundane, for å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft og kompetent kapital. Ofte er det den eldre generasjonen som held det gåande med stadig svakare, enklare og billigare produkt. Og det har utvikla seg eit gap mellom dei store byane og distriktsområda. Situasjonen er alvorleg. Behovet er stort for ei langsiktig satsing på systematisk kunnskapsutvikling knytt til innovasjon i produkt, tenester og arbeidsmåtar og konvertere dette til vesentleg auke i verdiskapinga i det regionale reiselivet.

 

Varige og gode effektar av store programsatsingar inneber ofte utvikling og etablering av nye utdanningar på høgt nivå. Strategiske program går då over til permanente kompetansetiltak for ei næring, finansiert av statleg nivå.  Dette er også særs relevant for reiselivsnæringa. Etterspørselen etter arbeidskraft har endra karakter sidan 80 talet. Etterspørsel etter studieplassar følgjer same mønster, med auke i søknad til masterutdanningane. Utdanningsnivået i reiselivsnæringa er forholdsvis lågt, og ein treng eit styrka utdanningstilbod. Prosjektet vert ein premissleverandør for utviklinga av nytt mastergradstilbod innan reiseliv og det økonomisk-administrative fagområdet ved HiSF.

 

Høgskulen og Vestlandsforsking skal samarbeide om det strategiske programmet.  Verksemdene har allereie gode fagmiljø, fagnettverk og ei bachelorutdanning i reiseliv. Det strategiske programmet skal bygge vidare på dette fundamentet og vidareutvikle, komplettere og styrke dagens forskingsområde for å sikre god relevans og godt samarbeid med reiselivsnæringa og gjere miljøa sterke i nasjonal og internasjonal konkurranse.

 

Tematiske satsingar skal bygge vidare på kunnskapsområda økonomi og leiing, nye digitale medier og kommunikasjonsteknologi og berekraftig utvikling i reiselivet. Her har miljøa markert seg både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Områda er nært knytt til behovsinnspel frå dialogmøte med næringa og politikkutformarar og til definerte strategiar i reiselivet både regionalt og nasjonalt.

 

 

prosjektdeltakere

prosjektleder

Ove Oklevik

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Helene Maristuen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Mona Kristin Nytun

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Parmita Saha

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Oddne Skrede

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 5 av 5

Resultater Resultater

Influence of design on tourists’ recommendation intention: an exploratory study of fjord cruise boats.

Oklevik, Ove; Nysveen, Herbjørn; Pedersen, Per Egil. 2018, Journal of Travel & Tourism Marketing. USN, NHH, HVLVitenskapelig artikkel

Forbruksmønster hjå deltakarar på Førde Internasjonale folkemusikkfestival: Kva er drivarane for forbruket?

Oklevik, Ove; Kwiatkowski, Grzegorz. 2017, Fagbokforlaget. PK, HVLVitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel

Event Visitors’ Expenditure: The Case of an International Music Festival in Norway 2015.

Oklevik, Ove; Kwiatkowski, Grzegorz. 2017, International Conference on Enterprise Systems, Accounting and Logistics. PK, HVLVitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel

Profile, patterns of spending and economic impact of event visitors: Evidence from Warnemünder Woche in Germany.

Kwiatkowski, Grzegorz; Diedering, Madelaine; Oklevik, Ove. 2017, Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism. SDU, PK, HVLVitenskapelig artikkel
1 - 5 av 13 | Neste | Siste »