Cristin-prosjekt-ID: 496028
Sist endret: 2. januar 2019, 11:49

Cristin-prosjekt-ID: 496028
Sist endret: 2. januar 2019, 11:49
Prosjekt

Eit fleirspråkleg norskfag? Ein studie av læreverks, lærarars og elevars syn på fleirspråklegheit og ei fleirspråkleg tilnærming til språk og kultur

prosjektleder

Aasne Vikøy
ved Høgskulen på Vestlandet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Høgskulen på Vestlandet

Kategorier

Prosjektkategori

  • Doktorgradsprosjekt

Kontaktinformasjon

Tidsramme

Avsluttet
Start: 1. september 2015 Slutt: 1. september 2019

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Eit fleirspråkleg norskfag? Ein studie av læreverks, lærarars og elevars syn på fleirspråklegheit og ei fleirspråkleg tilnærming til språk og kultur

Populærvitenskapelig sammendrag

Mykje sosiolingvistisk forsking på det som vert kalla "the multilingual turn" (Conteh, 2014; May, 2014), understrekar at alle moderne klasserom er fleirspråklege, og at språkopplæringa dermed bør reformulerast til òg å svara på behova til fleirspråklege elevar. Sjølv om norskfaget allereie ved innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 gjorde det klart at språk- og kulturmangfaldet skulle vera "udiskutable ressursar for opplæringa, og ikkje eit lyte" (Eide, 2006), kan det sjå ut til å henga fast i det som i forskingslitteraturen vert kalla "monolingual instructional assumptions (Cummins, 2016) og til å stå i eit krysspress mellom ulike styringsdokument. Opplæringslova pålegg nemleg at skulen skal "være en tydelig formidler av visse kulturelt forankrede verdier" (Andersson-Bakken og Bakken, 2017) og kan også karakteriserast som eit regelverk som står for ein overgangsmodell (Hornberger, 1991) i synet på morsmålet til elevane når dei som kjem inn i skulen med andre morsmål enn norsk berre får morsmålsundervisning og ekstra støtte i norsk inntil dei har "tilstrekkelige ferdigheiter" til å følgja vanleg undervisning. Dei skal raskt over i det norske. Forsking på fleirspråkleg undervisningspraksis viser at det optimale for ein fleirspråkleg elev, er å fortsetja med morsmålsundervisning eller i det minste å kunna dra veksel på heile det språklege repertoaret sitt i skulen og elles, sjølv etter at andrespråkskompetansen er vurdert som god nok. I ei fleirspråkleg tilnærming til språk og kultur vert alle elevar i Noreg som fleirspråklege å rekna. Målet med eit ressurssyn på fleirspråklegheit er nettopp sosial autonomi og språkutvikling for alle elevane (Hornberger, 1991), noko Stortingsmelding 28 (april 2016) understrekar at norskopplæringa særskilt skal bidra med og som bør få fokus i neste læreplanrevisjon (Meld. St. 28 2015/2016: 50).

Ei fleirspråkleg tilnærming til språkundervisninga står i kontrast til ei einspråkleg tilnærming som hevdar at kvart språk vert lært best isolert. Når slike einspråklege undervisningsprinsipp råder, vert gjerne deler av elevars språkkunnskap ignorert og usynleg i skulesamanheng, og det vert ikkje lagt opp til å bygga bruer mellom språkkunnskapane til elevane eller mellom språkfaga. Norskfaget har i særleg grad behov for ei forskingsbasert belysning av det perspektivskiftet det har gått gjennom, frå fokus på faglege emner innan litteratur og språk til i dag å verta beskrive gjennom kompetanseområder som lesing og skriving, samtidig som samfunnsmessige faktorar som migrasjon og digitalisering har påverka pensum, læreplan og undervisningsformer. Kor langt har norskfaget kome i denne reformuleringsprosessen? Første artikkel i prosjektet vert ein analyse av tre læreverk og korleis dei har tolka to kompetansemål med fleirspråkleg innhald. Korleis kjem fleirspråklegheit til uttrykk i norsklæreverka når det gjeld omfang, fokus og framgangsmåte? Andre artikkel baserer seg på gruppesamtalar med norsklærarar om deira tankar om fleirspråklegheit i norskfaget. I siste del av studien ser eg på korleis elevane jobbar og snakkar om denne tematikken ut frå oppgåvene i læreverket.

Metode

Eg vil undersøka læreverk og kartlegga både lærarars og elevars haldningar til fleirspråklegheit. Datamaterialet mitt vil vera kvalitativt der dei ulike datainnsamlingane tek utgangspunkt i desse informantperspektiva: a) gruppeintervju av lærarar, og b) opptak av elevar som jobber i grupper arbeidsom følgjer læreplanen i norsk (LK06) i vidaregåande skule (Vg1). Informantane vil vera anonyme, og undersøkinga vil følgje Datatilsynets retningsliner med tanke på personvern.

prosjektdeltakere

prosjektleder
Aktiv cristin-person

Aasne Vikøy

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 1 av 1