Forskergruppa er ei tverrfagleg gruppe som skal fasilitere og styrke utdanningsrelevant forsking gjennom samarbeid med partnarar i sørlege Afrika og i Norden.
Gruppa skal bidra i forskingsfeltet med konkret deltaking i internasjonale konferansar arrangert gjennom SANORD-nettverket (The Southern African-Nordic Centre) , i tillegg til andre relevante nasjonale og internasjonale konferansar. Forskergruppa skal vere ein premissleverandør til SANORD Teacher Education Partners (STEP), der potensial og utfordringar innan skule, utdanning og lærarutdanning i Norden og Sørlige Afrika er heilt sentrale tematikkar.
Konferansebidraga skal munne ut i publikasjonar, og gjerne i medforfatterskap med forskarar frå fleire institusjonar (og regionar).
Forskingstema i gruppa er mellom anna:
- Lærebokstudier (i kva kontekst er lærebøkene skrive / korleis er dei ulike fagdisiplinane formidla i lærebøkene i ulike nasjonale og regionale kontekstar
- Læreplanstudier (kva er prosessane bak utforming av læreplanar / korleis blir læreplanar implementert i skulen)
- Korleis er historie undervist og formidla?
- Korleis blir kjønn og utdanning problematisert i dei ulike regionane?
- Kva er læraren si rolle i dei ulike regionane?
Forskergruppa vil vere eit bidrag i internasjonaliseringsstrategien til nye HVL. Aktiviteten til gruppa er kopla til studentutvekslingsinitiativ som allereie er etablert (University of KwaZulu-Natal, University of Western Cape og University of Cape Town), og til aktivitetane gjennom SANORD-nettverket.