Cristin-prosjekt-ID: 530989
Sist endret: 19. februar 2017 11:44

Cristin-prosjekt-ID: 530989
Sist endret: 19. februar 2017 11:44
Prosjekt

Pre-project: Graduate school of research and digitalization of doctoral education

prosjektleder

Rune Johan Krumsvik
ved Universitetet i Bergen

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon

Telefon
55584807
Sted
Professor Rune Johan Krumsvik

Tidsramme

Avsluttet
Start: 1. januar 2017 Slutt: 30. september 2017

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Pre-project: Graduate school of research and digitalization of doctoral education

Populærvitenskapelig sammendrag

Forprosjekt innan digitalisering mellom UiB og Høgskulen i Volda knytt til prosjektet «Forskarskule innan pedagogikk, utdanningsvitskap og lærarutdanning på Vestlandet i den digitale æra»

Utdannings-Noreg er i stor endring og ved Institutt for pedagogikk ved Det psykologiske fakultet har ein teke initiativet til ein strategiprosess for å kunne respondere og posisjonere oss i høve desse endringane. Universitetstyret ved UiB har i samband med dette vedteke (sak 102/16) å inngå ei samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda innanfor fleire fagområder.[1] Denne søknaden er retta mot korleis UiB saman med Høgskulen i Volda kan samarbeide om digitalisering og digital læring som ein sentral del i høve ein ny forskarskule på Vestlandet.

Forskarskule på Vestlandet i den digitale æra

For at ein skal kunne lukkast med å etablere samarbeid mellom UiB, Hivolda og andre høgskular på vestlandet om ein forskarskule er det viktig at ein tenkjer litt innovativt reint infrastrukturelt. Difor rettar denne søknaden merksemd mot korleis digitalisering kan binde UiB ytterlegare meir saman med Høgskulen i Volda i første omgang, og dernest alle høgskulane på Vestlandet (og kanskje også UiS). I samband med dette må ein vurdere nøye korleis ein kan vareta god undervisingskvalitet og samstundes ta høgde for at majoriteten av doktorgradskandidatane i ein slik forskarskule er fysisk lokalisert langs heile Vestlandet. Difor er det naudsynt å gjere eit grunnlagsarbeid omkring dette og vurdere nøye korleis digitale – og nettbaserte løysingar kan nyttast i samband med doktorgradskurs og andre aktivitetar i ein slik forskarskule. Særskilt bør ein vurdere i kva grad Blended Learning, MOOC, Flipped Classroom og Learning Analytics kan bidra til større fleksibilitet slik at nokre doktorgradskurs er nettbaserte, nokre er både nett- og campusbaserte, samt at nokre er campusbaserte. Ein må også greie ut om dette gir moglegheiter for at nokre av dei nettbaserte doktorgradskursa har eit nasjonalt nedslagsfelt (spesielt på område der UiB er i front t.d. metodekurs, litteratur review-kurs, og HiVolda på vitskapteori, m.m.) For å kunne gjere eit slikt utgreiingsarbeid vil ein måtte trekkje inn kompetanse frå både UiB og Høgskulen i Volda slik at dette til saman kan bidra med naudsynt infrastrukturell- og digital fagkompetanse. Såleis vil denne digitaliseringsdelen kunne bli eit viktig forprosjekt og eit innovativt element i ein framtidig regional forskarskule («WNGER II) som det førebels er lite av både nasjonalt og internasjonalt på ph.d.-nivå.

Eit anna aspekt ved dette prosjektet er at det er meint å stimulere til etablering av fleire forskingsgrupper og god aktivitet i desse forskingsgruppene. Det betyr at prosjektet vil initiere fleire tverrfaglege initiativ der akademisk skriving og sampublisering vil stå i sentrum. Eit konkret døme på dette er at det er ambisjonar om at 5-6 tilsette ved AKF, prosjektleiar og ein tilsett ved NTNU sampubliserer ein litteratur review artikkel om digitalisering innan ph.d-utdanning (basert på litteratureviewen nemnt under).

Eit viktig mål med prosjektet er å sjå forskarskular og forskingsgrupper i samanheng og å freiste å auke "forskingskrafta" til AKF, HVO i dette forprosjektet.  

Metode

Eit viktig bakteppe for ein slik forskarskule er mellom anna Norges Forskningsråds PEDISP-program (2010) der forskarskulen WNGER (Western Norway Graduate School of Education) ved UiB var med og som var eit samarbeid mellom UiB, HiB, NLA, HSH og HiSF omkring forskarutdanning på Vestlandet. Det gjeld også NIFU-rapporten «Fusjonsutredning for Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Statuskartlegging og mulighetsstudie» som vart publisert i desember 2015 og som også relevant i forhold til forskarutdanning på Vestlandet. Også dei nylege vedtekne strategiplanane ved UiB: «Hav, Liv, Samfunn» (UiB 2016)[2] og Det psykologiske fakultet sin: «STRATEGI 2016–2022» (DPF 2016)[3], er viktige styringsdokument i samband med dette. I tillegg er den nemnte inngåtte samarbeidsavtala mellom UiB og Høgskulen i Volda innan mellom anna pedagogikk, spes.ped og lærarutdanning òg relevant å sjå i samband med dette, samt HiB og UiB sine rapport om mogelege samarbeidsrelasjonar. Denne vart handsama av Universitetsstyret ved UiB under saka "Samarbeid med Høgskolen i Bergen om lærerutdanningen". I dette saksdokumentet[4] står det "Etablering av felles forskerskole om lærerutdanning og utdanningsvitenskap. Det finnes i dag en nasjonal forskerskole for lærerutdanning lagt til NTNU. For å styrke forskningen på Vestlandet anbefaler fagmiljøene at det arbeides videre med å etablere en ny forskarskole på Vestlandet" (s. 146). Denne søknaden er ein del av denne strategiprosessen og vi ser det som naturleg å initiere dette først med Høgskulen i Volda som eit forprosjekt sidan det her føreligg ei forpliktande samarbeidsavtale som har tredd i kraft, samt at Høgskulen i Volda har høg kompetanse og erfaring innan EVU-verksemd, digitalisering, kommunikasjon og media.  

Som ein første del av prosessen må det kartleggast kva ein veit om digitalisering og digital læring på ph.d-nivå. Difor er det naudsynt å gjennomføre ein litteraturreview. Denne vil både gi kunnskap om forskningsfronten på feltet og vere nyttig å posisjonere prosjektet inn mot.   

 

Samarbeidspartnere: Høgskulen i Volda, Avdeling for Kulturfag

[1] Sjå: http://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/us2016-102.pdf

[2] Sjå: http://ekstern.filer.uib.no/ledelse/strategi.pdf

[3] Sjå: https://issuu.com/detpsykologiskefakultet/docs/psyk_strategiplan_2016-2022_web__2_

[4] Sjå: http://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/us2016-036.pdf

Utstyr

Utstyrsbehovet vil bli klarlagt i perioda februar-mars 2017, slik at det er er klart til eit ph.d.-kurs som skal bli avvikla i mars 2017 (og som vil ha ein del digitale element innlagt i kursopplegget). 

prosjektdeltakere

prosjektleder
Aktiv cristin-person

Rune Johan Krumsvik

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Universitetet i Bergen
  • Tilknyttet:
    Lokalt ansvarlig
    ved Høgskulen i Volda

Kjetil L Høydal

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Høgskulen i Volda
Aktiv cristin-person

Fredrik Mørk Røkenes

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Aktiv cristin-person

Ola Teige

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Høgskulen i Volda

Kjartan Leer-Salvesen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Høgskulen i Volda
1 - 5 av 6 | Neste | Siste »