Populærvitenskapelig sammendrag
Vi manglar kunnskap om korleis emosjonsarbeid i psykologisk behandling skapar endring. Forsking på emosjonelle prosessar har hovudsakleg retta seg mot behandlar sine intervensjonar, og i liten grad belyst pasienten si oppleving. Pasienten sitt perspektiv kan gje inngåande kunnskap om emosjonsarbeid i terapi, slik at behandlinga betre kan tilpassast den enkelte. Korleis opplever pasienten:
1. Endring tilknytt emosjonelle episodar i terapi?
2. Behandlar sitt bidrag til emosjonelle opplevingar i terapi?
3. Eige bidrag til emosjonelle opplevingar i terapi?
4. Emosjonelle opplevingar sin samanheng med utbytte av behandling?
Vi vil bruke den kvalitative intervjumetoden Interpersonal Process Recall, som tek utgangspunkt i video-opptak frå behandling. Tre semistrukturerte intervju av opptil atten informantar vil bli gjennomført, to i midtfasen av behandling, og eit etter avslutning. Intervjua vil bli tatt opp på audio-opptak, trankribert og bearbeida ved kvalitative analyser.
Vis fullstendig beskrivelse