Populærvitenskapelig sammendrag
Vi vil evaluere passive opptak av fosterlyd som verktøy for fosterovervaking. Vi trur at dette kan vere av verdi i vurdering av risikosvangerskap. Passiv registrering av fosterhjertelyd er den eldste forma for fosterovervaking, sjølv om denne i dag i stor grad er erstatta av aktiv registerering ved hjelp av Doppler ultralyd. Fosteret lagar også andre lydar, som kjem frå rørsle av armar og bein, pusting og sannsynlegvis også stemmeband. Vi planlegg to delstudier*** del 1 for å kartlegge anatomi og funksjon av strupehovudet hos foster ved hjelp av ultralyd, og del 2 for å registrere lydar fosteret lagar i mors liv. Til del 1 vil vi undersøke 100 friske gravide mellom 18 og 41 veker svangerskapslengde 4 gonger med ultralyd i inntil 60 minutt. Til del 2 vil vi undersøke 20 friske gravide mellom 18 og 41 veker svangerskapslengde med passivt opptak av lyd i inntil 180 minutt. Dette med sikte på å gå etablere referanser som grunnlag for seinare utprøving i risikosvangerskap.
Vis fullstendig beskrivelse