Populærvitenskapelig sammendrag
Fødselsdepresjon råkar 10 – 15 % av kvinnene etter fødsel. Det er ein signifikant risikofaktor for kognitive, åtferd- og emosjonelle problem hos barnet. Meir kunnskap om risiko og resilience faktor er viktig for førebygging og behandling. Måla i prosjektet:
1) Finne prevalens av fødselsdepresjon hos foreldre.
2) Validering av Carey Temperament Questionnaire (MCTQ) som er eit spørjeskjema for målering av temperament hos barn.
3) Fødselsdepresjon si betydning for foreldre si oppfattning av barnet sitt temperament.
Anonymiserte spørjeskjema vart sendt foreldra til 1736 barn i alderen 8 – 12 år. Depresjon vart undersøkt med ein forkorta versjon av ICD-10 kriteriane og barna sitt temperament med MCTQ. 1139 skjema for 680 barn vart returnert. Kjønnsfordelinga var 53 % jenter og 47% gutar. Ein finn 5.5 % depresjon hos mødrene og 0,8 % hos fedrane. Det er planlagt tre artiklar og fullføring av doktorgrad hausten 2014.
Vis fullstendig beskrivelse