Legitimiteten og lønnsemda i norske drøvtyggarproduksjonar er utfordra av høge og stadig stigande grovfôrkostnader. Prisen per fôreining grovfôr er på mange bruk høgare enn for innkjøpt kraftfôr, og investeringar i maskiner, teknisk utstyr og infrastruktur utgjer ein stor del av kostnadene. For å snu denne trenden, trengst kunnskap om korleis ein kan auke utbyttet og redusere kostnader, og ikkje minst korleis tiltak med dette som mål skal vegast opp mot kvarandre når det er aktuelt.
I "Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon" har vi komme langt med å lage ein plattform for heilskapelege analysar og avvegingar av ulike norske produksjonsliner for grovfôr. Vi har bygd mykje på programmet «Grovfôrøkonomi» utvikla av NLR og TINE. Dei programmeringstekniske endringane som skal legge til rette for at responsfunksjonar og nye variablar kan byggast inn, er på plass. Vi har bestemt oss for at variablane engfornyingsmetode, frøblanding, gjødsling, hausteintensitet, konserveringsteknikk, samt type innandørsmekanisering skal brukast når vi lagar scenaria for ulike driftsformer i ulike regionar.
Vidare skal prosjektet sjå på om ein kan utvikle agronomiske tiltak og teknologi som kan auke utbyttet og minke svinnet i grovfôrproduksjonen. I arbeidspakken der ein skal sjå på nye måtar og teknologi for vedlikehaldssåing og fornying av enga, har vi testa alternative teknologiar for fjernmåling som kan brukast til å karakterisere grassvor og plantebestand som skal fornyast. I eit stort eksperiment som starta våren 2017, vart teknologien implementert. Hausten 2016 vart det starta opp eit forsøk der ein skulle sjå på om beiting med sau etter våtsåing kunne påverke konkurranseforholdet mellom etablert vegetasjon og nysådd plantar på ein ønska måte. Våren 2017 såg det ut som at sådd raigras kom fint i ledd der det vart beitt utover hausten, men det vart ingen skilnader i avling etter behandling. Eit forsøk vart også etablert sommaren 2017, der ein ser på direktesådd raudkløvers etableringssuksess i ulikt tette bestand av timotei og fleirårig raigras.
Eit viktig forskingsfelt i prosjektet er også korleis ein med meir målretta og lokalt tilpassa artsblandingar og vekstfølgjer kan auke grovfôravlingane og kvaliteten på dei. I totalt fem felt er det sådd ut i alt sju gras- og kløverartar, klassifiserte som seine eller raske etablererar, enten åleine eller i lag i ulike blandingar. I første engåret var det innan alle felt spenn i avling mellom blandingar på opp til 600 kg tørrstoff per daa. Det kalkulerte meirutbyttet av å så artar i blanding mot kva dei ytte kvar for seg, var i underkant av 300 kg tørrstoff. Arbeidet med å samle inn eldre forsøksdata som skal gå inn i ei totalanalyse av kva ein har å spele på når det gjeld å utvide haustevindauget som er smalt i tradisjonelle timoteidominerte enger, er straks ferdig. Resultata skal vere grunnlag for avlingsmodulane i økonomimodellen i prosjektet.
Potensialet for å minke svinn og auke nettoavlingar i grovfôrproduksjonen gjennom betre konserveringsmåtar blir studert i ein arbeidspakke som NMBU har ansvaret for. Det er gjennomført konserveringsforsøk i plansilo der ein undersøker korleis ulik pakkegrad og tilsetjing av ensileringsmiddel påverkar gjæringskvalitet og tap.
Det er rekruttert i alt tre studentar til å gjere masteroppgåve på forsking innanfor prosjektet. Desse skal levere oppgåvene sine i mai 2018. Næringspartnarane i Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon er Addcon Nordic AS, Agromiljø AS, Animalia, Fiskå Mølle, FK Agri, FK Rogaland Agder, Felleskjøpet fôrutvikling, Norske FK, Nortura, Strand Unikorn, TINE Rådgiving og medlem og Yara Norge. Rogaland fylkeskommune finansierer den treårige post doc-stillinga som er lagt til NIBIO Særheim.