Cristin-prosjekt-ID: 576252
Sist endret: 24. januar 2019 12:27

Cristin-prosjekt-ID: 576252
Sist endret: 24. januar 2019 12:27
Prosjekt

Aranjuez - Bergen gitar- og luttselskab 1974 -

prosjektleder

Njål Vindenes
ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet

prosjekteier / koordinerende forskningsansvarlig enhet

  • Høgskulen på Vestlandet

Klassifisering

Vitenskapsdisipliner

Annen musikkvitenskap

Emneord

Analog-til-digital konvertere • Gitar

Tidsramme

Avsluttet
Start: 29. januar 2018 Slutt: 30. juni 2020

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Aranjuez - Bergen gitar- og luttselskab 1974 -

Populærvitenskapelig sammendrag

I februar 1974 vart Aranjuez, Bergen Gitar og Lutt Selskab stifta.
Nasjonalbiblioteket overtok hausten 2018 125 spoleband med opptak frå klubbkveldar og konsertar som Aranjuez arrangerte. Dei fleste opptaka har svært god lydkvalitet. I tillegg fekk biblioteket medlemsbok, konsertprogram, diverse avisutklipp og annan dokumentasjon. Alt dette skal etter kvart digitaliserast og gjerast tilgjengeleg for forsking. Sjølv om Bergen Gitar og Lutt Selskab (eller Gitarklubben som den heitte på folkemunne) ikkje offisielt har vore avvikla, har det ikkje vore arrangement i klubbens regi sidan slutten av 90-talet. Aranjuez vart starta og drive av studentar og lærarar ved Bergen Musikkonservatorium. Torbjörn Wiberg var gitarlærar og Arild Hansson som var student og seinare lærar på Konservatoriet var svært sentrale i arbeidet. På 90-talet tok nokre av «gamlegutta», (heimvendte gitaristar som hadde vore med i oppstarten av klubben) over drifta ei tid. I mellomtida vart klubben drive av Asbjørn Voster og andre.
Klubbkveldane var som regel i Krypten i St. Paul kyrkje. Lokalet vart valt på grunn av den fine akustikken for gitar, og den katolske forsamlinga tillét alkoholservering og røyking i lokalet(!)

Aranjuez var den klassiske musikkens svar på jazzklubbar og viseklubbar som det var mange av på 70-talet. Gitarklubben var òg eit viktig alternativ til det etablerte klassiske miljøet. Kombinasjonen klassisk musikk, laus jakke, øl, vin og røyk var nytt, og det var som regel fullt hus.


Blant gitaristar som hadde konsert eller var gjester på klubbkveldar var Manuel Barrueco, Vladimir Mikulka, John Mills, Neil Smith, Göran Söllscher, Gunnar Lif, Owe Walter, Ingolf Olsen, Sven Lundestad, Erik Stenstadvold, Jan Erik Pettersen og Magni Wentzel. Bergen var godt representert, og i tillegg til klassiske gitaristar som Torbjörn Wiberg, Stein Erik Olsen, Njål Vindenes, Egil Haugland, Øyvind Lyslo og Tino Andresen sto både Jan Eggum og Kenneth Sivertsen på programmet.

Innsamlinga av materialet som etter kvart vart sendt til Nasjonalbiblioteket, starta formelt i 2018. Tidlegare styremedlemmer og andre som var tilknytt det klassiske gitarmiljøet i Bergen hadde lenge snakka om kva som skulle gjerast med alle lydbanda som var i privat eige. Etter initiativ frå m. a. Lars Tørressen vart det i februar 2018 halde eit møte der agendaen var kva ein skulle gjera for å sikra lydopptaka for ettertida. Møtet vart arrangert av forskargruppa Kairos ved Høgskolen på Vestlandet. Med på møtet var Torsten Lind (som saman med broren Petter har teke vare på dei fleste banda), Sondre Strandskog Arnesen, bibliotekar ved HVL og underteikna. Arild Hansson var med på Skype. Det var allmenn begeistring for prosjektet. Vi diskuterte ulike måtar å handsama materialet på, som digitalisering, katalogisering, personvern, kven som eig/skal eiga materialet, finansiering, forsking, samt praktiske ting som fysisk oppbevaring av lydbanda. I det heile var det eit stort, uoversiktleg og kostbart arbeide som låg framfor oss.

Etter dette møtet hende ikkje så mykje konkret før eg sumaren 2018 høyrde eit intervju på Spillerom, NRK P2 med seksjonsleiar Richard Gjems ved Nasjonalbiblioteket. Han fortalde om ei ny ordning med digitalisering av gamle musikkopptak. Eg tok då kontakt med han, og etter kvart fekk vi til avtalen som resulterte i at Nasjonalbiblioteket har overteke ansvaret for arkivet. I og med dette er HVLs og mitt framtidige bidrag avgrensa til å bidra med faglege råd og hjelp til tolking av evt. uklar informasjon i materialet.

 

Vitenskapelig sammendrag

Innsamling og digitalisering av spolebånd og anna materiale fra Aranjuez - Bergen gitar- og luttselskab 1974 -.

 

prosjektdeltakere

prosjektleder

Njål Vindenes

  • Tilknyttet:
    Prosjektleder
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet

Torsten Lind

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Bergen Musikk-konservatorium

Lars Tørressen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Arild Hansson

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Norsk Rikskringkasting

Stein Erik Olsen

  • Tilknyttet:
    Prosjektdeltaker
    ved Griegakademiet – Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen
1 - 5 av 6 | Neste | Siste »