Cristin-resultat-ID: 1245830
Sist endret: 31. mai 2017, 08:50
Resultat
Doktorgradsavhandling
2015

De får han aldri : Om erfaringane til pårørande og pleiepersonalet og det som står på spel i møtet mellom heimeverda og sjukeheimsverda. 

Bidragsytere:
  • Jorunn Hov

Utgiver/serie

Utgiver

Universitetet i Nordland

Om resultatet

Doktorgradsavhandling
Publiseringsår: 2015
Antall sider: 324

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

De får han aldri : Om erfaringane til pårørande og pleiepersonalet og det som står på spel i møtet mellom heimeverda og sjukeheimsverda. 

Sammendrag

Avhandlinga handlar om overgangen frå heim til sjukeheim for den gamle pasienten. Ho bygger på ein studie med feltarbeid ved ei skjerma eining for pasientar med demenssjukdom, samt intervju med åtte pleiarar og fem nære pårørande. Eigne erfaringar har også vore ei kjelde til forståing. Den metodiske framgangsmåten tek utgangspunkt i fenomenologisk-hermeneutisk metode og forståing. I avhandlinga ser eg overgangen frå heim til institusjon som eit møte mellom heimeverda og sjukeheimsverda. I denne situasjonen er både pasienten, dei pårørande og pleiepersonalet i ein svært sårbar situasjon. Med alderdom og sjukdom blir på eit vis sjølve veren i verda sett på spel for begge partar. Det handlar ikkje minst om at overgangen frå heim til institusjon kan sjåast som eit brot i livssamanhengen. Noko av det viktigaste avhandlinga bringar fram kan konkretiserast i korleis dei pårørande kan oppleve dette som ein stor smerte. Denne smerta kan vere knytt til å vere sliten etter tyngande omsorgsoppgåver, den gamle si hjelpeløyse og det han eller ho er i ferd med å tape, men like mykje det dei pårørande sjølve er i ferd med å miste. Det synest som om pleiepersonalet er lite bevisst på dette, og at dei i for liten grad legg til rette for dei pårørande som ønsker å vere aktivt med i omsorga og ta del i avgjerder som vedkjem pasienten. Pårørande beskriv elles mange engasjerte og dyktige pleiarar, men også pleiarar som toler lite kritikk og som set si ære i å klare ting sjølve utan å bry pårørande. Pårørande kan dermed kjenne det som om dei blir konkurrentar til pleiepersonalet, og at pleiepersonalet vil ta over deira rolle. Når pårørande opplever at pleie-personalet tek eit eigarskap til pasientane som går ut over deira eigentlege funksjon og rolle, mistar dei omsorgsposisjonen som pårørande og blir «berre» besøkande. Avhandlinga viser at også pleiepersonalet er sårbare i samhandlingssituasjonane i sjukeheims-avdelinga. Det gjeld ikkje berre dei som ikkje lykkast i samhandlinga, men også dei som lykkast og stadig må stå i dei mest krevjande situasjonane. Det kan opplevast som så belastande at dei søker seg bort frå slike jobbsituasjonar, og dermed frå nokre av dei som treng dei mest. Å støtte opp om pleiepersonalet si fagelge og personlege utvikling kan vere til hjelp i vanskelege ar-beidssituasjonar og nødvendig for å behalde og rekruttere dei dyktigaste pleiarane

Bidragsytere

Jorunn Hov

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for sykepleie og helsevitenskap ved Nord universitet
1 - 1 av 1