Sammendrag
I artikkelen blir viktig skriftkulturforsking i dei nordiske landa på 2000-talet presentert. Det blir særleg lagt vekt på skriftkulturell historisk forsking, skriftkulturell forsking retta mot utdanningssamfunnet og forsking på bruken av skrift i arbeidsliv og kvardag. Den nordiske forskinga blir plassert i høve til fire ulike forskingsparadigme i internasjonal skriftkulturforsking («literacy»). Dei fire paradigma er det mentalistiske paradigmet, det etnografiske og historiske paradigmet, det filologisk-lingvistiske paradigmet og det skrive- og lesepedagogiske paradigmet. Eit grunnleggjande syn i artikkelen er at det skriftkulturelle nivået i eit land er ein indikator på om den kulturelle livskrafta er stor, den demokratiske kvaliteten er høg, og om det er mogeleg for medborgarane å myndiggjere seg. Det skriftkulturelle nivået i eit land er òg rekna som ein relevant og presis indikator på om eit land kan møte den utfordringa det er å utvikle ein kunnskapsbasert økonomi.
Vis fullstendig beskrivelse