Cristin-resultat-ID: 1747199
Sist endret: 13. november 2019 15:16
Resultat
Rapport
2019

Vakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2018

Bidragsytere:
  • Ole Johan Eikeland
  • Siri-Linn Schmidt Fotland
  • Guttorm Raknes og
  • Steinar Hunskaar

Utgiver/serie

Utgiver

Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin

Om resultatet

Rapport
Publiseringsår: 2019
Antall sider: 49
ISBN: 978-82-8408-018-5

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Vakttårnprosjektet. Epidemiologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2018

Sammendrag

Vakttårna sin kontaktrate var i 2018 klart høgare enn dei to føregåande åra, 352,9 pr. tusen innbyggjarar (316,4 i 2017; 317,0 i 2016). Vi ser likevel at vakttårnregistreringane framleis underestimerer tal legevaktkontaktar samanlikna med tal rekningskort i Helfo. Oppgangen i 2018 gjaldt fem av vakttårna, eitt hadde nedgang og eitt var i praksis stabilt samanlikna med året før. Kjønns- og aldersfordelingane har stort sett vore stabile trekk ved kontaktane med legevaktene, men alderen har no stige jamt sidan 2014. Gjennomsnittalderen var 38,1 år i 2018, ein auke på 0,6 år frå året før. Hos Alta kommunale legevakt auka gjennomsnittsalderen med heile 2,4 år i 2018. Det at det finnest variasjon mellom vakttårna når det gjeld alders- og kjønnsfordeling har ikkje endra seg, og er også eitt av dei stabile trekka. Fordelinga over dei sju dagane endra seg litt, der vi i 2018 kunne sjå nok ein auke på måndagar, og litt nedgang i prosentdelen på laurdagar og sundagar. Døgnfordelinga viser uansett berre små endringar frå år til år. Måten det blir tatt kontakt med legevaktene på endra seg ein del då Legevakta i Tromsø sette i gang tiltak mot direkte oppmøte i 2013, og vi såg effekt av dette heilt til 2017. Året 2018 gav derimot ein liten auke i direkte oppmøte att, vakttårna under eitt. Auken i direkte oppmøte ved Legevakta i Tromsø var frå ein av fem i 2017 til ein av fire i 2018. Responsfordelinga er det som har endra seg mest i registreringane i Vakttårnprosjektet, og 2018 var ikkje noko unntak. Litt av dette kom av at to av vakttårna, i Arendal og i Tromsø, har tatt i bruk verktøyet «Manchester Triage», noko som har gitt ein relativ kraftig auke i raud respons hos desse to, men også vakttårna under eitt sidan alle sju vakttårna enkeltvis hadde ein auke i prosentdelen raud respons i 2018. Tiltaksfordelinga i 2018 var svært stabil samanlikna med året før. Ein fjerdepart var telefonkonsultasjon med sjukepleiar; 56,9 prosent konsultasjon lege. Telefonkonsultasjon med lege utgjorde 7,4 prosent av kontaktane, som rettnok er ein auke frå året før (4,4 prosent).

Bidragsytere

Ole Johan Eikeland

  • Tilknyttet:
    Forfatter

Siri-Linn Schmidt Fotland

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Uni Research Helse - Legevaktmedisin ved NORCE Norwegian Research Centre AS

Guttorm Raknes

  • Tilknyttet:
    Forfatter

Steinar Hunskår

Bidragsyterens navn vises på dette resultatet som Steinar Hunskaar
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen
1 - 4 av 4