Cristin-resultat-ID: 1969478
Sist endret: 14. januar 2022, 10:47
NVI-rapporteringsår: 2021
Resultat
Vitenskapelig artikkel
2021

Prosessdrama som estetisk læreprosess: Ein strategi for utforskande iscenesetjing av sentrale verdiområde i Fagfornyinga

Bidragsytere:
  • Vigdis Vangsnes

Tidsskrift

Acta Didactica Norden (ADNO)
ISSN 2535-8219
e-ISSN 2535-8219
NVI-nivå 1

Om resultatet

Vitenskapelig artikkel
Publiseringsår: 2021
Volum: 15
Hefte: 2
Sider: 1 - 25
Open Access

Importkilder

Scopus-ID: 2-s2.0-85120793721

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Prosessdrama som estetisk læreprosess: Ein strategi for utforskande iscenesetjing av sentrale verdiområde i Fagfornyinga

Sammendrag

I den overordna delen av Læreplanverket (heretter omtala Fagfornyinga) blir det poengtert at skulen skal la elevane utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrong, og at dei skal få erfaring med å omsetja idear i handling. Samspel, kreativitet og skapande arbeid, og kommunikasjon med vekt på lytting og dialog, er difor viktige målområde i Fagfornyinga. Målsetjingane kan nåast gjennom eit breitt spekter av metodar og læringsaktivitetar, og variasjon i arbeidsmåtar blir sett på som ein nøkkel til læring. I lys av teori om performativitet, didaktikk, estetikk og estetiske læreprosessar drøftar eg kva potensial den estetiske læreprosessen prosessdrama har som didaktisk verktøy for å belysa og arbeida med verdigrunnlaget i Fagfornyinga. Eg ser spesielt på det mangfaldet som ligg i prosessdrama som uttrykks- og undervisningsmetode, og korleis prosessdrama kan leggja til rette for å ta vare på målområda. Data frå eit prosessdrama om Antigone gjennomført med grunnskulelærarstudentar er brukt som eksempel. Undervisninga er døme på ei modellering der studentane på campus øver seg på ulike undervisningsstrategiar før dei skal ut i praksis. Funna frå den abduktive analysen viser at dei seks diskursane eg har konseptualisert som sentrale i Fagfornyinga – kunnskapsutviklingsdiskursen, identitetsdannings diskursen, kreativ utøving-diskursen, kritisk tenking-diskursen, demokratisk medverknad-diskursen og performativ handling-diskursen – kvar på sin måte og ofte i samspel, kan arbeidast med og utviklast ved bruk av prosessdrama i klasserommet. Artikkelen avsluttar med eit framlegg til modell, inspirert av skrivehjulet, som løftar fram kva som kjenneteiknar estetiske læreprosessar når prosessdrama er læringsmediet, og korleis pedagogen ved bruk av undervisningsstrategien prosessdrama kan arbeida med diskursane og dermed med mykje av det sentrale verdigrunnlaget i Fagfornyinga.

Tittel

Process drama as an aesthetic learning process: A strategy for exploratory staging of key value areas in Fagfornyinga

Sammendrag

In the overarching part of the new Norwegian National Curriculum (hereafter referred to as Fagfornyinga), it is emphasized that the school should allow students to express creativity, commitment and exploration, and that students are to gain experience in translating ideas into action. Interaction, cooperation and creative work, and communication with an emphasis on listening and dialogue, are therefore important goals in Fagfornyinga. These can be achieved through a wide range of methods and learning activities, and varied teaching methods are seen as a key to learning. Drawing on theories about performativity, didactics, aesthetics, and aesthetic learning processes, I discuss the potential of using process drama as a didactic tool for illuminating and working with the values of Fagfornyinga. I look at the diversity that lies in process drama as a method of expression and teaching, and how process drama can meet the targeted goals. Data from a process drama about Antigone conducted with preservice teacher students (PSTs) is used as an example. The teaching session is an example of modelling during which the PSTs on campus practice different teaching strategies before they start their teaching practice periods. The findings from the abductive analysis show that the six discourses I have conceptualized as central to Fagfornyinga - the knowledge development discourse, the identity formation discourse, the creativity discourse, the critical thinking discourse, the democratic participation discourse, and the performative discourse, both separately and in interaction, can be worked on and developed using process drama in the classroom. The article concludes with a presentation to a model, inspired by the writing wheel, which highlights what characterizes aesthetic learning processes when process drama is the learning medium, and how the educator can use process drama to work with discourses, and thus support many of the inherent key values of Fagfornyinga.

Bidragsytere

Aktiv cristin-person

Vigdis Vangsnes

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 1 av 1