Cristin-resultat-ID: 2047065
Sist endret: 30. august 2022, 10:38
Resultat
Scenekunst
2021

Oppkome

Bidragsytere:
  • Solveig Styve Holte

Om resultatet

Originalverkets tittel: Oppkome
Publiseringsår: 2021
Originalverkets komponist: Solveig Styve Holte
Varighet: 90 Minutter
Medskapere: Terje Tjøme Mossige, Per Roar, Magdalene Solli, Ilse Ghekiere

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Oppkome

Sammendrag

OPPKOME er eit fleirårig prosjekt som utforskar det tidlege arbeidet til dansekompaniet Høvik Ballett i perioden 1969–1977, og som undersøkjer kva potensial som ligg i arbeidet til kompaniet for dansekunsten i framtida. Prosjektet er initiert og leia av koreograf og dansar Solveig Styve Holte, og utvikla saman med dei Oslo-baserte dansekunstnarane Ilse Ghekiere, Per Roar, Terje Tjøme Mossige, Magdalene Solli, og kostymedesigner Solveig Fagermo. Under Festspela vert OPPKOME presentert som eit undervegsarbeid på Kunsthuset i Ørsta. Før opninga av Festspela skal OPPKOME ha ei framføring utandørs i Aasentunet, i hellinga der museumsbygningen er hogd inn i landskapet. Her vert rørslene plasserte i skråninga, ute av aksen, i dialog med det omkringliggjande landskapet og byggverket til Sverre Fehn. På Kunsthuset i Ørsta skal OPPKOME ta form over to timar. Publikum kan ta del i ein serie med soloarbeid og danseomvisingar som strekkjer seg gjennom Kunsthuset og utover til parkeringsplassen og parken mot fjorden. Kvar solo tek utgangspunkt i eitt fragment frå arkivet, tilfører ei mengd parallellforteljingar frå samtida og inviterer til fundering om kvifor noko har vorte hugsa, og anna gløymt. Publikum kan vere tilstades så lenge dei sjølv ynskjer, men kvar halvtime startar ein ny solo.

Bidragsytere

Aktiv cristin-person

Solveig Styve Holte

  • Tilknyttet:
    Faglig ansvarlig
    ved Avdeling Dans ved Kunsthøgskolen i Oslo
1 - 1 av 1