Sammendrag
Samandrag og konklusjon
Føremålet med dette arbeidet var å vurdere systematiske oversikter og RCTàr
om behandling av flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem. Den
vanlegaste diagnosen ved alvorlege psykiske helseproblem hjå flyktningar er
posttraumatisk stressliding (PTSD). Behandlinga er oftast basert på kognitiv
åtferdsterapi (CBT). Eksponeringsterapi og medisinering blir også brukt, til dels i
kombinasjon med CBT.
Frå 204 identifiserte referansar, inkluderte me ei systematisk oversikt som
omhandla behandling av psykiske lidingar hjå vaksne. Denne oppsummerte
resultat frå ni studiar (ein liten RCT og åtte pasientseriar). Behandlingstiltaka var
eksponeringsbehandling, kognitive behandlingar, gruppeterapi og stressmestring.
• Resultata frå studiane i denne oversikten gir ikkje grunnlag for å
konkludere om nytten av behandlingsmetodar for flyktningar.
• Oversikten konkluderer med at ein kulturell tilpassing av tiltaka er viktig,
utan at det visest til dokumentasjon for dette.
I tillegg søkte me etter RCTàr for å vurdere om det er grunnlag for ei
systematisk gjennomgang. CBT var tiltak i sju av studiane, anten aleine eller i
kombinasjon med medisinering eller eksponeringsterapi. Desse studiane har få
deltakarar og ulik tilnærming. Det er derfor usikkert om ei vurdering av desse
aleine vil kunne gi ny substansiell kunnskap.
Konklusjon
Gjennomgangen av dokumentasjonen gir ikkje klart svar på kva for
behandlingsmetodar som er effektive ved behandling av psykiske lidingar hjå
flyktningar. Det er gjennomført enkelte randomiserte kontrollerte studiar om
denne problemstillinga, men dei fleste rapporteringar er frå ikkje-kontrollerte
studiar.
Sjølv om me har lite spesifikk informasjon om behandling av psykiske
helseproblem hjå flyktningar, så har me eit kunnskapsgrunnlag for behandling av
posttraumatisk stressliding generelt.
Vis fullstendig beskrivelse