Cristin-resultat-ID: 603458
Sist endret: 13. oktober 2016 13:09
Resultat
Doktorgradsavhandling
2006

Shepherds and demons : a study of exorcism as practised and understood by shepherds in the Malagasy Lutheran Church

Bidragsytere:
  • Hans Austnaberg

Utgiver/serie

Utgiver

Misjonshøgskolens forlag
NVI-nivå 0

Om resultatet

Doktorgradsavhandling
Publiseringsår: 2006
Hefte: 2
Antall sider: 396

Importkilder

ForskDok-ID: r07009138

Klassifisering

Emneord

Eksorsisme • Vekkelsesbevegelser

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Shepherds and demons : a study of exorcism as practised and understood by shepherds in the Malagasy Lutheran Church

Sammendrag

Denne doktoravhandlinga handlar om eksorsisme slik hyrdingar i den lutherske kyrkja på Madagaskar praktiserer og forstår dette. Hyrdingar er kyrkjelege arbeidarar, innvigde til ei spesiell teneste, og ?eksorsisme? er i avhandlinga brukt om demonutdriving og forbøn med handspåleggjing. I avhandlinga har eg sett nærare på følgjande to spørsmål: A) kva er grunnleggjande karakteristika ved hyrdingane si praktisering av eksorsisme? B) korleis forstår hyrdingane menneske som treng eksorsisme, sjølve demonutdrivinga og helbredingsprosessen? Påstanden min er at eksorsisme utgjer ein syntese mellom tradisjonell madagassisk kultur og bibelsk bodskap, sidan begge desse kontekstane påverkar hyrdingane. Målet med avhandlingsarbeidet har vore å skildra denne syntesen. Dei madagassiske utøvarane er i sentrum for undersøkjinga og eg har prøvd å gi ein ?innanfrå?-presentasjon. Kva har eg så funne ut? Eksorsisme går føre seg i helbredingsgudstenester på spesielle hyrdingsentra. Liturgien inneheld bøn, salmesong og vitnemål/preike. Lesing av faste bibelavsnitt konstituerer eksorsisme. Demonutdrivinga, første delen av eksorsismen, går føre seg ved at kvitkledde hyrdingar slår i lufta med handa medan dei med høg røyst kommanderer alle vonde makter å fjerna seg. Forbøn med handspåleggjing er andre del av eksorsismen, og kan ifølgje hyrdingane ikkje skiljast frå demonutdrivinga. I Jesu namn legg hyrdingane handa på hovudet til dei som søkjer forbøn og gir forlating for syndene, den Heilage Ande og fred. Hyrdingane har ingen eintydig språkbruk når dei talar om menneske som demonane har gått til åtak på. Identifikasjon av menneske som treng eksorsisme skjer på ulike måtar, og ei hovudårsak til at demonar går til åtak på menneske, er ifølgje hyrdingane at menneske har hatt kontakt med tradisjonell gudsdyrking. Kriser i form av anfall oppstår ofte når desse personane møter den kristne bodskapen. Det er usemje mellom informantane mine om kvifor kristne treng eksorsisme. Det ser ut for at eksorsisme blir sett på som relevant i alle situasjonar der demonar skaper problem for menneske. Eit omsorgsfullt fellesskap på hyrdingsentret gir ramma for helbredingsprosessen, og hyrdingane har eit overordna teologisk perspektiv, der det å leggja til rette for tru på Jesus er hovudmålet. Materialet mitt viser at hyrdingane står i skarp motsetnad til tradisjonell religion. Eksorsisme er blitt ein praksis som omfattar menneske med mange ulike problem, og hyrdingane hevdar at tru på Jesus er målet med eksorsisme. Gjennom eksorsismen ønskjer hyrdingane å gi styrke til dei som kjempar, leggja til rette for tru på Jesus, og gjennom dette gi håp om full helbreding i det komande Gudsriket.

Bidragsytere

Hans Austnaberg

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for teologi, diakoni og ledelsesfag ved VID vitenskapelige høgskole
1 - 1 av 1