Cristin-resultat-ID: 619263
Sist endret: 30. mai 2017, 10:57
Resultat
Mastergradsoppgave
2006

Skal vi gå på kinarestaurant i kveld? : ein studie om fenomenet livsstyrke slik det kjem til uttrykk gjennom sjukepleiefortellingar

Bidragsytere:
  • Else M. Lid

Utgiver/serie

Utgiver

Høgskolen i Nesna

Om resultatet

Mastergradsoppgave
Publiseringsår: 2006
Antall sider: 85

Importkilder

ForskDok-ID: r07003805

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Skal vi gå på kinarestaurant i kveld? : ein studie om fenomenet livsstyrke slik det kjem til uttrykk gjennom sjukepleiefortellingar

Sammendrag

Eg ønskjer med denne studien å forstå meininga og det vesentlege i fenomenet livsstyrke slik det uttrykkjer seg gjennom sjukepleiefortellingar. 9 sjukepleiarar har delt sine erfaringar med meg gjennom åpne intervju. Delar av kjeldematerialet er gjenfortalt i sjølvstendige fortellingar. Desse skrivne fortellingane dannar grunnlaget for ei djupare tyding og tolking av fenomenet livstyrke. I mi forforståing om kva det vil seie å vere sterk i livet, tenkte eg i retning av at dette handlar om slitestyrke; ein prestasjon i å tåle mykje motgang, strev og liding. Funn i studien tyder på det motsette; livsstyrke handlar om noko grunnleggande berande i livet, noko vi kan kvile i. Å vere sterk i livet handlar om djupe grunnmenneskelege lengslar som finn fokus slik at vi kan finne oss sjølve i fellesskap med andre menneske, naturen og/ eller Gud. Gjennom ei slik ankring i tilveret opnar vi opp for sansinga i livet, og vi blir medvitande om livsprosessane vi er i. Smerte og liding blir ein integrert del av livet. Å akseptere det grunnmenneskelege i lidinga blir det same som å akseptere livet. Ei slik forsonande livshaldning opnar opp for ei mottakande haldning overfor andre. Det er livsstyrkande å erfare kvarandre i tillit og godtaking. Vona ytrar seg som ein motsats mot det som trugar oss i livet. Den trer fram som ei viktig kraft i den einskilde sitt livsdrama i møte med lidinga. Vona gir oss livsmot til å utstå store påkjenningar, og den gir oss framtidsretning på tilveret. Vona kan vere suveren og strekkje seg forbi døden. Sentralt i fortellingane er pasientane si oppleving av eige tilvere. Tilveret utfaldar seg i ulike tidsdimensjonar og med ulike uttrykk. Den oppdikta dagdraumen kan såleis vere like meiningsfylt å oppleve som reelle hendingar. Evna til å vandre mellom tidsdimensjonane fortid, notid og framtid er avgjerande for å kunne oppleve tilveret vårt. Studien syner at livsstyrke handlar om krefter som omsluttar oss i vår livsutfalding. Livskrefter vi kan ha lit til.

Bidragsytere

Else Marie Lid

Bidragsyterens navn vises på dette resultatet som Else M. Lid
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Nord universitet
1 - 1 av 1