Det overordna føremålet med doktorgradsprosjektet Multilektal kompetanse hos førskuleborn i nynorskområde er å få kunnskap om små born som skal ha nynorsk som opplæringsmål sin kompetanse i eit bokmålsnært talemål, slik han syner seg gjennom språkbruk i rolleleik. Forsking på språkbruk i rolleleik syner nemleg at born som bur utanfor austlandsområdet, vekslar mellom eiga, lokal dialekt og eit bokmålsnært talemål.
Å få kunnskap om små borns kompetanse i norske varietetar kan seie noko om den fleirdialektale konteksten til desse borna, og kompetansen borna syner i eit bokmålsnært talemål, vil truleg vere ein faktor for deira seinare utvikling av skriftspråklege ferdigheiter. At talemålet borna nyttar i rolleleikytringane, ligg tett opp til skriftspråket bokmål, tyder nemleg på at borna har eit godt erfaringsgrunnlag for å tileigne seg bokmål som skriftspråk når dei byrjar på skulen. Dette doktorgradsprosjektet skal undersøkje kva denne bokmålskompetansen faktisk består av.