Bakgrunn
Praksisplan GLU5 har mellom anna følgjande mål:
-
«Ha kunnskap om konkrete forsknings- og utviklingsarbeid i praksisskulen» (Kunnskapar)
-
«Kan gjennomføre profesjonsrettete, praksisrelevante, selvstendige og avgrensede forskningsprosjekt i tråd med forskningsetiske normer» (Ferdigheter)
-
«Kan bidra aktivt i endringsprosesser og ta ansvar for samarbeid om faglig og pedagogisk nytenkning i skolen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplærigen.» (Generell kompetanse). (Høgskulen på Vestlandet, u.å.)
Erfaring og drøfting mellom praksisskulen og HVL viser at i ein samanhengande 3 vekers praksis i ei elevgruppe gjer det vanskeleg å leggje til rette for at studenten kan oppnå desse måla.
Med det som bakgrunn har faglærarar ved HVL i samarbeid med leiinga og praksislærarane ved Rubbestadneset skule utforma ein pilot der ein nyttar Lesson Study som metode for å leggje til rette for at studenten får erfaring med eit sjølvstendig og avgrensa forskingsprosjekt i tråd med forskingsetiske normer.
I organiseringa er heilskap og samanheng mellom praksisfeltet, studentar og faglærarar ivareteke. Praksisperioden i 9. semester er 15 dagar. I piloten legg ein dette til grunn, men dei 15 dagane er organiserte slik at det skal vera rom for å gjennomføra ein Lesson Study-syklus med dei fire fasane; planlegging, gjennomføring, evaluering og deling. Organiseringa og den planlagde gjennomføringa ligg tett opp til det Fagleg råd for lærarutdanning 2025 tilrår: - å styrkje profesjonsrettinga og forskingsbaseringa i studentane sitt arbeid med oppgåver gjennom meir systematisk samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane og praksisfeltet (Fagleg råd for lærarutdanning 2025 (2022, s. 5 og s. 35).