Sammendrag
Målet med prosjektet er å framskaffe kunnskap om det organiserte, kyrkjelydsbaserte velferdsarbeidet (diakonen)i et norsk bispedømme.Bakgrunn Kyrkjeleg forankra velferdsarbeid er ein del av det velferdsarbeidet som vert utført i den frivillige sektoren i Noreg. I svært liten grad har det vore prøvd systematisk å kartleggja omfanget av og ”profilen” i det kyrkjeleg forankra velferdsarbeidet. Unntaket er den delen av verksemda som er institusjonsbasert og knytt til helse- og sosialsektoren. Dette arbeidet er undersøkt og godt kartlagt i regi av Diakonhjemmets høgskole (Angell Nordeng 1987; Angell 2000). Det står att å sjå nærmare på m.a. det velferdsarbeidet som vert utført i organisert form utanfor institusjonane Det finst ikkje noko samla oversyn over den friviljuge innsatsen som vert utført i den kyrkjelydsbaserte diakonien. Ein studie i Bergen kommune viste at omfanget av friviljuge sosiale ytingar utført innan det som sakleg sett er området for verksemda til den kommunale sosialsektoren, i regi av kyrkjelydane i Den norske kyrkja i 1984, var om lag 30 årsverk. Undersøkinga konkluderte med at det synest å vera liten gradav samanheng mellom dei faktiske behova, slik dei vert framstilte i den helse- og sosialpolitiske diskursen, og den friviljuge innsatsen i kyrkjelydane. Heller ikkje syntest det den gongen å vera mykje av koplingar mellom det offentlege hjelpeapparatetog den lokale kyrkjelydsdiakonien. Mål Målet med prosjektet er å framskaffe kunnskap om det organiserte, kyrkjelydsbaserte velferdsarbeidet (diakonien) i eit norsk bispedøme, omfanget av arbeidet, arbeidsområde, organisering og graden av integrasjon i velferdsstaten, dvs omfang, “profil” og relasjonar. Kopla saman med data frå eit forskingsprosjekt med utgangspunkt i Universitetet i Mannheim i Tyskland med temaet ”Church and the provision of social services in Europe: A comparative perspective”der Noreg er eit av landa som vert omfatta av undersøkinga, og som leiar i det føreliggjande prosjektet er involvert i, i tillegg til data frå ei undersøkinga av den kyrkjeleg forankra, institusjonsbaserte verksemda i helse- og sosialsektoren.
Vis fullstendig beskrivelse
Vitenskapelig sammendrag