Prosjektet «Fleksibel grunnskulelærarutdanning i RLE» er eit samarbeidsprosjekt mellom dei som underviser i RLE-faget på lærarutdanningane i Nord-Noreg (SAK-region 6). Målet er å utvikle eit felles undervisningstilbod i RLE med felles studieplan, ei fleksibel undervisning med løysingar frå eCampus.no og mobile einingar (mobiltelefon, lesebrett o.l.) med vekt på estetiske uttrykk og aktive undervisningsmåtar, og eit didaktisk utviklingsarbeid i høve til danningsaspekta i faget og heile grunnskulen si undervisning allment, og dette er samstundes ledd i eit følgeforskingsprosjekt.