Cristin-resultat-ID: 1300757
Sist endret: 15. desember 2015, 10:03
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2015

Finst det nynorske tospråksfordelar?

Bidragsytere:
  • Øystein A Vangsnes og
  • Göran Söderlund

Presentasjon

Navn på arrangementet: Sluttkonferanse Lærande Regionar: Lokale aspekt ved skuleutvikling – eit praksisretta forskingsprosjekt
Sted: Oslo
Dato fra: 12. mars 2015
Dato til: 13. mars 2015

Arrangør:

Arrangørnavn: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2015

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Finst det nynorske tospråksfordelar?

Sammendrag

Kan dei gode resultata på nasjonale prøvar i Sogn og Fjordane rett og slett skuldast at nynorsk er det dominerande skriftspråket i fylket? Dette er spørsmålet som blir stilt i dette kapitlet. Det korte svaret er eit ubetinga ja, men det som ligg til grunn for svaret, gjer spørsmålet litt meir komplisert. Born som veks opp med nynorsk som opplæringsmål, lærer bokmål samtidig, medan det motsette i liten grad er tilfelle. Nynorskelevar blir i stor grad eksponerte for bokmål allereie frå før dei byrjar å lesa og skriva, og det blir berre forsterka seinare. Eksponeringa for nynorsk er derimot til samanlikning minimal for dei aller fleste bokmålselevar fram til dei møter nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. I skuleåret 2012/2013 hadde 97% av alle grunnskule- elevar i Sogn og Fjordane nynorsk som sitt skriftspråk, så om det finst ein positiv effekt av å vera toskriftspråkleg, bør det merkast i dette fylket. Til grunn for tanken om at det faktisk kan vera slik, ligg internasjonal forsking som viser at born som er tospråklege, har kognitive fordelar av det. Dette ser ein gjennom ulike former for psykometriske testar, og funna er vel etablerte og replikerte og gjeld stort sett for alle språk som er undersøkte. Noko som ikkje er undersøkt, er om dette gjeld også i tilfelle der ein berre har to ulike skriftspråk slik som i tilfellet med nynorsk og bokmål. Då vi undersøkte tilgjengeleg statistikk for dei siste fire åra, fekk vi mistanken vår bekrefta. Born frå nynorskkommunar presterte betre enn resten av landet når tala vart korrigerte for foreldra si utdanning, kvinneleg yrkesaktivitet og graden av eineomsorg. Effekten er ikkje veldig stor, men like fullt statistisk signifikant. Vi held for tida på med å samanstilla data frå psyokmetriske testar for å sjå om skilnadane også viser seg der.

Bidragsytere

Øystein Alexander Vangsnes

Bidragsyterens navn vises på dette resultatet som Øystein A Vangsnes
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for språkvitenskap ved UiT Norges arktiske universitet

Göran Söderlund

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 2 av 2