Cristin-resultat-ID: 1310756
Sist endret: 2. august 2018, 15:47
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2016

Entreprenørlyst blant unge i rurale område: regionale skilnader og endring over tid

Bidragsytere:
  • Jon Gunnar Nesse
  • Torbjørn Årethun og
  • Jon Ivar Håvold

Presentasjon

Navn på arrangementet: FIBE
Sted: Bergen
Dato fra: 7. januar 2016
Dato til: 8. januar 2016

Arrangør:

Arrangørnavn: NHH

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2016

Klassifisering

Vitenskapsdisipliner

Samfunnsvitenskap

Emneord

Entreprenørskap • Ungdom • Sosial kapital • Karriere

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Entreprenørlyst blant unge i rurale område: regionale skilnader og endring over tid

Sammendrag

Entreprenørskap, eller etablering av nye bedrifter, blir ofte sett på som ein viktig føresetnad for næringsutvikling og økonomisk vekst. Derfor ynskjer politikarar og andre avgjerdstakarar å få dokumentert kva faktorar som påverkar entreprenørskapslysta, om faktorane endrar seg over tid og om det er skilnader mellom ulike regionar. I dette paperet skal vi sjå nærare på desse problemstillingane. Datamaterialet vårt er henta inn gjennom spørjeundersøkingar blant avgangselevar i to vidaregåande skular i Sogn, Høyanger og Årdal, og to på Sunnmøre, Herøy og Ulstein, der vi kartla elevane si entreprenørskapslyst og andre kjenneteikn som er relatert til denne. Vi stilte dei same spørsmåla til to avgangskull med om lag 10 års mellomrom (2001 for alle 4 kommunane, 2011 for sognekommunane og 2013 for sunnmørskommunane). Resultata viser at leiarambisjonar og ynskje om å skapa noko nytt er dei faktorane som i størst grad påverkar entreprenørlysta blant unge. I sunnmørskommunane har og støtte frå familie og vener stor innverknad, medan entreprenørlysta i dei to sognekommunane vert påverka av sjølvstendig næringsdrivande foreldre. Nokre faktorar som verka inn på entreprenørskapslysta i 2001 hadde ingen effekt 10 år seinare. Uavhengnad er eit døme på dette. Å skapa noko nytt er døme på ein faktor som ikkje hadde innverknad på entreprenørskapslysta i 2001, men derimot i 2011/2013. Nyskaping er ein innovativ aktivitet og undersøkinga viser dermed at innovasjon er blitt ei viktigare drivkraft for entreprenørskap enn tidlegare. I 2001 hadde gutar på Sunnmøre høgare entreprenørskapslyst enn gutar i Sogn. Denne skilnaden var utviska i 2011/2013. Dei to karriereankera; sikker framtid og følgja faglege interesser har fått ein negativ innverknad på entreprenørlysta i Herøy og Ulstein i 2013. Dette var ikkje tilfellet i 2001. For å stimulere til entreprenørskap blant unge, vil vi rå skulane til å byggja opp under elevane sine leiarskapsambisjonar og leggja til rette for at elevane kan ta del i innovative og kreative aktivitetar.

Bidragsytere

Aktiv cristin-person

Jon Gunnar Nesse

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Torbjørn Årethun

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Jon Ivar Håvold

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for internasjonal forretningsdrift ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 3 av 3