Sammendrag
Hoffmeyer sitt syn på psyken er viktig, ettersom hans biosemoiotiske perspektiv på psyken gir oss ei tverrfagleg ramme til å diskutere spørsmålet om medvit og mentale fenomen på eit breitt grunnlag. Meir bestemt er det viktig fordi det tar opp i seg spørsmålet om organiseringa av menneskekroppen som ein biologisk organisme, kor dete som skjer i bakteriar, gener, celler og hjernar kan studerast som teiknprosessar. Det er fordi perspektivet hans tar opp i seg spørsmålet om organiseringa av menneskekroppen som ein organisme som står i relasjon til ikkje berre naturlege, men også sosiale og kulturelle miljø. Her kan me tale om den økologiske kroppen. Det vil også seie at Hoffmeyer tar omsyn til spørsmålet om den fenomenologiske kroppen (dvs. den følande-viljande-tenkjande kroppens og dennes «eg kan», den konkret subjektiviteten som verkar i verda. Det tyder at perspektivet hans kan hjelpe oss til å forstå betre den kulturelle sida av kroppen, som gjeld det me veit om oss sjølve gjennom symbolsk former, dvs. "kulturelle mønster og prosessar som forbinder" (G. Bateson/E. Cassirer).
Vis fullstendig beskrivelse