Cristin-resultat-ID: 1468632
Sist endret: 7. mai 2017, 14:46
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2017

Djup tid, samtid, framtid: Ei arkeologisk synfaring av grenselandet

Bidragsytere:
  • Per Ditlef Fredriksen

Presentasjon

Navn på arrangementet: Norsk antropologisk forenings årkonferanse
Sted: Lillehammer
Dato fra: 5. mai 2017
Dato til: 7. mai 2017

Arrangør:

Arrangørnavn: Norsk antropologisk forening

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2017

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Djup tid, samtid, framtid: Ei arkeologisk synfaring av grenselandet

Sammendrag

Arkeologi er nok ikkje det systerfaget som ligg aller fremst i det tverrvitskaplege medvitet til dei fleste sosialantropologar. Men det stiller seg annleis den andre vegen for svært mange arkeologar. Sistnemnte er uløyseleg knytt til det antropologiske prosjektet i sin vidaste og mest inkluderande forstand; som utforsking av menneskelege eksistensbetingelsar og alltid pågåande engasjement med omgjevnadane. Den opplevde distansen mellom dei to faga er nok også eit høgst kontekstuelt betinga fenomen, for ikkje å seie eit lokalt problem. Mange stader elles i verda går samarbeidet føre seg saumlaust og på dagleg basis. Sjølv om det til tider er for lite samkvem og for mange strukturelle skjær i sjøen er det få, om nokon, arkeologiske debattar som ikkje på ein eller annan måte inkluderer bruk av, eller kritisk refleksjon over, sosialantropologisk innsikt. Spesielt tett er arkeologiens forhold til etnografi. Dette som metodisk tilnærming, som kjelde til tolkingsinspirasjon og som trope for kritisk sjølvstudium. Som den disiplinen som eigentleg aldri vendte seg bort frå det fysiske, substansielle og materielle, kan arkeologi mellom anna bringe inn diakron forståing og kritiske, gjennomtenkte tilnærmingar til temporalitet til framtidig samarbeid og diskusjon om materielle spor. Arkeologi står også strategisk plassert i eit tverrvitskapleg neksus som kan gje grobotn for interessant vidareutvikling av begge disiplinar, ikkje minst i kraft av sine nære band til fleire ulike naturvitskapar. Ved å dra veksel på eigne erfaringar frå forskingsprosjekt i det sørlege Afrika og Skandinavia, og etter å ha hatt det overordna ansvaret for arkeologiutdanninga ved UiO dei siste fire åra, vil eg presentere ei arkeologisk synfaring av mulighetar for metodisk, teoretisk og tematisk samarbeid som utgår frå felles interesser for materielle spor: i djup tid, i nyleg fortid, i samtid og i tenkeleg framtid.

Bidragsytere

Aktiv cristin-person

Per Ditlef Fredriksen

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo
1 - 1 av 1