Cristin-resultat-ID: 1482245
Sist endret: 1. april 2019, 10:12
Resultat
Rapport
2017

Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt

Bidragsytere:
  • Vebjørn Veiberg
  • Preben Danielsen
  • Leif Egil Loe
  • Audun Stien
  • Bart Peeters
  • Brage Bremset Hansen
  • mfl.

Utgiver/serie

Utgiver

Norsk institutt for naturforskning

Serie

NINA rapport
ISSN 1504-3312
e-ISSN 1504-3312
NVI-nivå 0

Om resultatet

Rapport
Publiseringsår: 2017
Volum: 1311
Hefte: 1311
Antall sider: 33
ISBN: 978-82-426-2999-9

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt

Sammendrag

Artar som lever i eit miljø med store sesongvariasjonar i både miljøforhold og ressurstilgang, er avhengige av reproduksjonsstrategiar som på ein best mulig måte sikrar god overleving og vekst for avkoma. «Timing» av reproduksjon og strategiar for korleis ulike organismar investerer i pro-duksjon av avkom, er to av dei mest sentrale livshistorietrekka hos ein art. Dagens klimaend-ringar skjer derimot så raskt at det kan ha stor innverknad både på levevilkåra for enkeltartar og på samspelet innan økosystem. Ingen annan stad i Europa skjer klimaendringane like raskt som på Svalbard. Plantevekstperio-den på Svalbard er svært kort og planteetarane som lever her er avhengig av å utnytte dei til-gjengelege ressursane mest mulig optimalt. Svalbardreinen (Rangifer tarandus platyrhynchus) er den største fastlevande planteetaren på øygruppa, og er både ein karakterart og ein viktig påverkingsfaktor for landøkosystemet. Vi ønska å undersøke i kva grad kalvingstidspunktet for reinen har endra seg over tid, og i kva grad eventuell mellomårsvariasjon i kalvingstidspunkt kunne relaterast til vårens starttidspunkt. Å samle informasjon om fødselstidspunkt hos ville dyr er ofte både arbeids- og ressurskrevjande. Vi ønska derfor å utforske muligheitene for å bruke GPS- og aktivitetsdata frå merka svalbardrein til å identifisere kalvingstidspunktet for enkeltindivid. Totalt hadde vi GPS- og aktivitetsdata frå 127 kalvingsperiodar fordelt på 40 ulike individ i tidsperioden 2009-2015. I tillegg hadde vi tilgang på seks år (1979-1981 og 1996-1998) med historiske observasjonsdata frå kalvingsperioden. Vi lykkast med å etablere ein metodikk for fastesetjing av kalvingstidspunkt for individmerka sim-ler basert på aktivitetsdata. Ein årleg gjennomsnittleg kalvingsdato kunne dermed bereknast for 13 år i perioden 1979-2015. EVI-vår og T50 vart brukt som indeksar på vårstart. EVI-vår er ein vegetasjonsindeks basert på satellittdata, men er berre tilgjengeleg etter 2000. T50 er ein tem-peraturbasert indeks for vårstart og kunne bereknast for heile den aktuelle tidsperioden. Indek-sane var nært korrelert. Observasjonsmaterialet stamma frå dei to tilgrensande studieområda, Adventdalen og Reinda-len-Semmeldalen-Colesdalen på Nordenskiöld Land, Svalbard. Parallelle registreringar i dei to studieområda i 1979 ga identiske estimat for gjennomsnittleg kalvingsdato (6. juni). Vi antok derfor at det ikkje var systematiske forskjellar i kalvingsdato mellom områda. Gjennomsnittleg kalvingsdato varierte med 11 dagar (2.-13. juni) i løpet av tidsperioden 1979-2015, men det var ingen signifikant trend. Vårindeksen T50 viste ein sterk trend mot tidlegare vårstart. Basert på denne indeksen var estimert dato for vårstart 18 dagar tidlegare i 2015 enn i 1979. Ingen tilsva-rande trend vart avdekka for EVI-vår, som dekka ein vesentleg kortare tidsperiode (2000-2015). Ei avkorting av tidsserien for T50 til berre å omfatte åra med estimat for EVI-vår resulterte i at heller ikkje denne indeksen lenger viste ein signifikant trend. Gjennomsnittleg årleg kalvingsdato viste ingen signifikant korrelasjon med indeksane for vårstart. Ein tydeleg forseinka kalvingsdato om våren etter ein svært hard vinter (1996), tyda derimot på at mødrenes fysiske tilstand har innverknad på kalvingstidspunktet. Denne samanhengen vil ein kunne utforska nærare når fleire år med individbaserte data føreligg. Svalbard, Svalbardrein, Rangifer tarandus platyrhynchus, kalvingstidspunkt, klimaendring, reproduksjon, KEY WORDS : Svalbard, Svalbard reindeer, Rangifer tarandus platyrhynchus, parturition, birth date, climate change, reproduction

Bidragsytere

Vebjørn Veiberg

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved NINA terrestrisk økologi ved Norsk institutt for naturforskning

Preben Danielsen

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Aktiv cristin-person

Leif Egil Loe

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Miljøvitenskap og naturforvaltning ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Audun Stien

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved NINA Tromsø ved Norsk institutt for naturforskning

Bart Peeters

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for biologi ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 5 av 11 | Neste | Siste »