Cristin-resultat-ID: 1500125
Sist endret: 29. september 2017, 08:47
Resultat
Populærvitenskapelig foredrag
2017

"...en del av kongeriket Norge." Korleis Svalbard blei norsk.

Bidragsytere:
  • Thor Bjørn Arlov

Presentasjon

Navn på arrangementet: Polarkveld på Ishavsmuseet
Sted: Brandal
Dato fra: 22. september 2017
Dato til: 22. september 2017

Arrangør:

Arrangørnavn: Ishavsmuseet "Aarvak"

Om resultatet

Populærvitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2017

Klassifisering

Vitenskapsdisipliner

Politisk historie

Emneord

Svalbard

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

"...en del av kongeriket Norge." Korleis Svalbard blei norsk.

Sammendrag

Frå Barentsz si oppdaging av øygruppa i 1596 og fram til 1920 var Svalbard rekna som terra nullius — herrelaust land. Svalbardtraktaten gav Noreg suvereniteten i 1920 og fem år seinare blei traktaten sett i kraft; Svalbard blei «en del av kongeriket Norge», som det står i lova. Det var ikkje sjølvsagt at Noreg skulle få herredøme over øygruppa. Før 1. verdskrig var det nyttelause internasjonale diplomatiske forhandlingar om «Spitsbergen-saka», som ho blei kalla. I samband med fredskonferansen i Paris kravde den norske regjeringa suvereniteten over Svalbard, og slik blei det altså. Kvifor var dét mogleg i 1920 som var håplaust berre fem år tidlegare? I dette føredraget skildrar Arlov Svalbard si politiske historie og prosessen som førte fram til Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 og norsk overtaking 14. august 1925. Han drøftar òg i kor stor mon traktaten sett grenser for norsk styre på øygruppa og korleis dette styret har utvikla seg fram mot våre dagar.

Bidragsytere

Aktiv cristin-person

Thor Bjørn Arlov

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Prorektor for forskning ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 1 av 1