Sammendrag
Vi les dagleg i media om klimaendringar, tap av urørt natur og biologisk mangfald, erosjon, havforureining og overhausting. Skjer dette også her heime? For å nå FNs Agenda 2030 - ein handlingsplan for menneske, jorda og vår velferd - må vi stimulere til ny kunnskapsutvikling ved å kople lokale initiativ til nasjonale og internasjonale strategiar, og ved å sjå menneske og natur i samanheng. Vi treng å endre måten vi lever på: Korleis vi produserer, forbrukar ressursar og samhandlar med kvarandre – og i samspel med naturen. Og vi må handle no! Kva tyder berekraftig utvikling i praksis for kommunar, bedrifter, lokalsamfunn og privatpersonar i vår region?
Vis fullstendig beskrivelse