Cristin-resultat-ID: 1954870
Sist endret: 15. november 2021, 19:43
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2021

Digital kompetanseutvikling i praksis? Erfaringar frå NFR-prosjektet DigiSus ved HVL om digital kompetanseutvikling i samarbeid med praksisfeltet

Bidragsytere:
  • Ingrid A. R. Grønsdal

Presentasjon

Navn på arrangementet: Lærerutdanningskonferansen
Sted: Online
Dato fra: 27. april 2021
Dato til: 28. april 2021

Arrangør:

Arrangørnavn: Universitets og høgskolerådet

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2021

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Digital kompetanseutvikling i praksis? Erfaringar frå NFR-prosjektet DigiSus ved HVL om digital kompetanseutvikling i samarbeid med praksisfeltet

Sammendrag

DigiSus-prosjektet (Utvikling av berekraftige praksisar for digital teknologibruk innan språk og estetiske fag i barnehage) er eit NFR-prosjekt som fokuserer på digital kompetanseutvikling i barnehagen. Prosjektet har samarbeidd med New York University og er knytt til CASE-senteret på FLKI. Prosjektet har etablert eit tett samarbeid mellom 16 tilsette i 8 barnehagar fordelt på 2 kommunar og forskargruppa innan kunst, kultur og kreativitet i BLU på campus Stord. Me har samarbeid tett dei siste 3,5 åra for å utforska korleis skjermfri digital teknologi kan støtta opp om faglege mål innan dei estetiske faga og språkarbeid i barnehagen. Med skjermfri teknologi meiner me i denne samanheng bruk av Makey, Makey og micro:bit som vert programmert i cratch. Kort fortalt kan dette nyttast til å gi ekstra dimensjonar til objekt og rom, gjennom at barns berøring av objekt eller materiale generer lyd. Til dømes kan eit barn oppleva at det kjem lyd frå ei skål med vatn når det puttar handa si oppi. I dei åtte barnehagane vart det utvikla unike design av dei tilsette, enten som sanserom eller installasjonar. I mange av utviklingane var ei fiksjonsramme viktig for å skapa spenning og engasjement for både barn og tilsette. Her nytta barnehagane enten eige kulturinnhald som utgangspunkt eller skapte nye fortellingar. Foreløpige analysar av sluttintervju med prosjektdeltakarane viser at dei ser at denne teknologibruken gjev nye mulighetar for samspel og opplevingar ilag med barn, men at den teknologiske kompleksiteten, eller andre omsyn nokon gonger gjer det vanskeleg å integrera i ein hektisk barnehagekvardag.

Bidragsytere

Ingrid Arnesen Råheim Grønsdal

Bidragsyterens navn vises på dette resultatet som Ingrid A. R. Grønsdal
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 1 av 1