Cristin-resultat-ID: 1975162
Sist endret: 6. januar 2022, 09:23
Resultat
Mastergradsoppgave
2020

Sjølvframstilling på YouTube i ei digital tid

Bidragsytere:
  • Kristin Holvik

Utgiver/serie

Utgiver

Institutt for kunst- og medievitenskap

Om resultatet

Mastergradsoppgave
Publiseringsår: 2020
Antall sider: 80

Klassifisering

Fagfelt (NPI)

Fagfelt: Medier og kommunikasjon
- Fagområde: Humaniora

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Sjølvframstilling på YouTube i ei digital tid

Sammendrag

Sjølvframstilling har blitt føreteke til alle tider, både i eldre og nyare medieformer og også utan media som eit verkty. Nyare medieformer som til dømes videobloggen på medieplattforma YouTube har ført til nye måtar for menneske å uttrykke og framstille seg sjølve på. I tillegg har denne plattforma gjort at det er mogleg for videobloggaren å nå fram til ei større mengde menneske enn det som kunne bli gjort tidlegare, noko som også har hatt konsekvensar for korleis sjølvframstillinga kjem til uttrykk. Videobloggaren tek i bruk kameraet som eit sjølvframstillingsverkty, og snakkar direkte til kameraet, noko som har konsekvensar for korleis videobloggaren framstår. I tillegg blir det brukt lyssetting, musikk og veksling mellom settingar for å kunne halde på merksemda til publikum. Dette er aspekt som denne oppgåva omhandlar og ser nærare på. Ved å sjå på likskapar og ulikskapar mellom eldre mediegenrer og videobloggen, har det blitt sett på korleis videobloggen skil seg frå eldre medieformer og nyare medieformer, for å vidare kunne sjå på sjølvframstillinga på videobloggen på YouTube. Det har blitt valt ut to døme som analysen har blitt basert på, der videobloggarane Nicole Guerriero og Estée Lalonde har blitt analysert for å kunne sjå på kva slags verkemiddel som blir brukt i sjølvframstillinga. Videobloggen er ei medieform som er i utvikling, og difor blir det spanande å sjå på vidare forsking på dette temaet framover.

Bidragsytere

Kristin Holvik

  • Tilknyttet:
    Forfatter

Guri Ellen Hanem

  • Tilknyttet:
    Veileder
    ved Institutt for kunst- og medievitenskap ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Sara Brinch

  • Tilknyttet:
    Veileder
    ved Institutt for kunst- og medievitenskap ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 3 av 3