Cristin-resultat-ID: 2090735
Sist endret: 8. desember 2022, 14:43
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2022

Korleis kan praksisnær forsking omsettast til reflekterande praksis?

Bidragsytere:
  • Eli Natvik
  • Kristina Osland Lavik
  • Kari Eldal og
  • Christian Moltu

Presentasjon

Navn på arrangementet: Forskingskonferanden 2022
Sted: Bergen
Dato fra: 7. desember 2022
Dato til: 7. desember 2022

Arrangør:

Arrangørnavn: Fakultet for Helse og Sosialvitskap, HVL

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2022

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Korleis kan praksisnær forsking omsettast til reflekterande praksis?

Sammendrag

Bakgrunn: Skal forsking bli nyttig, må den settast i spel med klinikknær kunnskap, og engasjere aktørane. Vi har derfor utvikla ein ressurs for fagfellesskap som vil arbeide med reflekterande praksis for å utvikle gode og hjelpsame kliniske møter: Sjå kva eg seier – ei øving i aktiv klinisk refleksjon (SER). Metode: SER spring ut frå aksjonsforskingsprosjektet Psychosocial Aspects of Bariatric Surgery, med bruk av individuelle djupneintervju med pasientar, videoopptak av konsultasjonar, følgd av videoassisterte individuelle intervju med klinikar og pasient (Interpersonal Process Recall). Vi oppdaga at råfilmane stimulerte til refleksjon, og skreiv derfor manus til tre (anonymiserte) filmar basert på materialet. Respons frå forskingsdeltakarane i intervjua og samarbeidet med brukarmedverknadsgruppa i prosjektet var drivande for å utvikle filmane. Resultat: Filmane vart produsert med profesjonelle skodespelarar, og viser dynamikkar i kliniske møter, utfordrande prosessar som oppstår, men som ein gjerne ikkje stoppar opp ved eller går inn i. Vidare utvikla vi eit gruppekonsept som er prøvd ut med fasilitatorar frå prosjektgruppa og bruk av reflekterande team i grupper med erfarne klinikarar/høgskuletilsette (48 pers) og grupper av sjukepleiarstudentar på 2. studieår (100 pers/8 undervisarar). Erfaringa er at når føresetnadane ligg til rette og ei gruppe ser film som dei kan identifisere seg med og engasjere seg i, ligg det til rette for refleksjon i situasjonen og knytt eiga kliniske erfaring. I samarbeid mellom Helse Førde, Institutt for helse og omsorg og Medielab (HVL), utviklar vi SER til ein digital ressurs som kan delast og brukast uavhengig av fasilitatorar. Målgruppa er kliniske fagmiljø og undervisarar for masterstudentar, som vil arbeide med reflekterande praksis for gode og hjelpsame kliniske møter. Konklusjon: Vi viser utdrag av film og SER, som er resultat av samarbeid mellom brukarar, forskarar, skodespelarar, filmprodusentar, utviklarar, undervisarar og klinikarar, finansiert av Norges Forskningsråd, Helse Førde og HVL.

Bidragsytere

Eli Natvik

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Helse Førde HF
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet

Kristina Osland Lavik

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Psykisk helsevern ved Helse Førde HF

Kari Eldal

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet
Aktiv cristin-person

Christian Moltu

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Psykisk helsevern ved Helse Førde HF
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet
1 - 4 av 4