Cristin-resultat-ID: 2169888
Sist endret: 26. august 2023, 16:21
Resultat
Rapport
2023

Forprosjekt - Test av grøn laser som grunnlag for miljøvurderingar i regulerte vassdrag

Bidragsytere:
  • Knut Tore Alfredsen og
  • Nkpa Ogarepke

Utgiver/serie

Utgiver

NTNU

Om resultatet

Rapport
Publiseringsår: 2023
Antall sider: 28
ISBN: 978-82-8289-204-9

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Forprosjekt - Test av grøn laser som grunnlag for miljøvurderingar i regulerte vassdrag

Sammendrag

Bruk av grøn laser (LiDAR) for innsamling av batymetri er ein svært effektiv måte å skaffe detaljerte data om eit vassdrag. Teknologien gir mange punkt pr kvadratmeter og høg presisjon på data. Data frå batymetrisk LiDAR eignar seg spesielt godt til detaljert hydraulisk simulering av vassdrag, noko som er svært nyttig i samband med mange ulike problemstillingar, t.d. tiltak eller endringar i vassdraget, simulering av vassdekt areal i elva og sideløp, flaum og ulike former for vurdering av miljøtilhøve i vassdraget. Eit tema der ein god, LiDAR-basert hydraulisk modell har vist seg nyttig er ved simulering av tørrlegging ved raske endringar i vasstand og for simulering av demping av hurtige endringar når vi går nedstraums i vassdraget. Hurtige endringar i vassføring i vassdrag kan ha ugunstig effekt på vassdragsmiljøet og gode data om kva effekt raske endring i vasstand har i vassdraget er viktig for å kunne vurdere påverknad og tiltak. Bruk av hydrauliske modellar er ei mykje brukt metode for å gjere slike vurderingar, men krev gode data om vassdraget for å kunne gi presise data på liten nok skala. Prosjektet som er rapporter her hadde som hovudmål og vurdere bruk av batymetrisk LiDAR som eit verkty for vassdragsforvalting i Skagerak energi. Delmål inkluderer uttesting av batymetrisk LiDAR i Vallaråi nedstraums Sundsbarm kraftverk og vurdere nytteverdien av denne teknologien i samband med vilkårsrevisjonar og vurdering av miljøpåverknad. Dette skal gjerast ved å sette opp og kalibrere HEC-RAS for strekninga i Vallaråi, og ved å bruke modellen for å vurdere effekt av køyringa av kraftverket i dag samt å vurdere korleis modellen kan brukast i samband med vurdering av tiltak som fjerning av grusbankar, utplassering av buner samt vurdere utlegging av sediment. Som ein del av prosjektet vart Vallaråi målt inn med batymetrisk LiDAR av Field Group ved hjelp av batymetrisk LiDAR vinteren 2023. Denne er utgangspunktet for dette arbeidet. Etter noko fylling og prosessering av batymetrien vart modellen kalibrert mot flybilete samla inn ved laseroppmålinga og dronebilete samla inn av Skagerak energi. Den kalibrerte modellen er så brukt for å simulere dagens situasjon i Vallaråi og nokre scenario for tiltak. Vi ser at ved full stopp i kraftverket der vassføringa vert redusert til lavvassføring på 1.5 m3/s, vert det tørrlagt omtrent 13300 m2 elveareal mellom Sundsbarm kraftverk og grusøra nedstraums Seljord bru, noko som tilsvarar omtrent 28% av vassdekt areal på modellert strekning. Det tek omtrent 60 minutt frå full vassføring til ein har nådd lavvassføringa ved Seljord bru, eit dropp på 23.8 m3/s/time. Areal vert tørrlagde langs land på heile strekninga, i tillegg så vert ei grusør ved kraftverksutløpet og ei større grusør nedstraums Seljord bru tørre ved lavvassføring. Vi har vidare gjort simuleringar der vi fjernar grusøra ved utløpet, plasserer ut buner ulike stadar i elva (svingen ved Seljord bru, kanalisert strekning oppstraums) og legg ut grus. Modellen er etter vår meining godt eigna til vurdering av slike tiltak og kan vere eit nyttig verkty dersom slike tiltak skal utførast i praksis. Denne rapporten kombinerer resultat frå prosjektet «Effektkøyring i Vallaråi» som NTNU har utført for Skagerak Energi og frå sommarjobben som Nkpa Ogarekpe hadde hjå Skagerak sommaren 2023. Vi takkar Skagerak for oppdraga, og spesielt Morten Stickler for hjelp med data og mange innspel til arbeidet.

Bidragsytere

Knut Tore Alfredsen

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Napa Ogarepke

Bidragsyterens navn vises på dette resultatet som Nkpa Ogarepke
  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 2 av 2