Cristin-resultat-ID: 2239460
Sist endret: 31. januar 2024, 10:37
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2023

"Blomanes vondskap". Frå Kjære moder til Mitt landssvik

Bidragsytere:
  • Heming Helland Gujord
  • Tom Kristiansen
  • Sigurd Christian Sørlie
  • Åsa Linderborg
  • Kjartan Fløgstad
  • Kari Berle Nilsen
  • mfl.

Presentasjon

Navn på arrangementet: "Blomanes vondskap". Frå Kjære moder til Mitt landssvik
Sted: Bergen offentlige bibliotek
Dato fra: 8. juni 2023
Dato til: 8. juni 2023

Arrangør:

Arrangørnavn: Heming H. Gujord i samarbeid med Bergen offentlige bibliotek

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2023

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

"Blomanes vondskap". Frå Kjære moder til Mitt landssvik

Sammendrag

Bøkene "Kjære moder! SS-offiser og frontkjemper P. TH. Sandborgs brev hjem 1940–1944" og Heming H. Gujords "Skåla. Mitt landssvik" ligg til grunn for denne samtalen mellom Kjartan Fløgstad, Åsa Linderborg, Sigurd Sørlie og Heming H. Gujord. Samtalen blir leia av Tom Kristiansen. I 1944 sat SS-løytnant Peter Thomas Sandborg (1907–1944) i ein bunker på Austfronten. Han høyrde på Grieg og Mozart og skreiv brev heim til den vesle dotter si: – «Huset» mitt, som kalles en bunker, er et bittelite hus. Og når denne harde krigen er slutt en gang, skal vi gå hånd i hånd bestandig. Jeg er så glad i deg! Din pappa. Sandborg var trygg på at han handla rett og ofra livet sitt for nazismen. Han fall på Austfronten i 1944. Men i breva heim møter vi han også frå ei anna side. Vi møter han som son, ektefelle og far. Han ville gjere godt, men han valde feil. Småbrukar og landpostbod Gunder Gujord (1908–1993) var som Sandborg overtydd nazist og medlem av Nasjonal Samling. «Eg hevdar at eg har gjort alt i god tru og meining, og ser meg ikkje skuldig til straff eller bot,» skreiv han då han anka dommen for landssvik. Anken blei avvist. Kva veit vi eigentleg om korleis norske kvinner og menn tenkte under krigen? Dei gjorde sine val, og Sandborg og Gujord var to av dei som valde feil. Det er likevel ikkje heilt lett å få tak i historiene deira frå innsida. Gunder Gujord var heilt taus om si eiga forhistorie, og sonesonen Heming H. Gujord kjente han berre som den gode bestefaren på det vakre småbruket i Romsdal. Då eit tilfeldig nettsøk viste fram ei anna historie, kom det derfor som ei stor overrasking. Skjult bak dei gode minna, låg det ei historie som ingen ville snakke om. Det er då dette som kan kallast «blomanes vondskap». Det er det vonde som ligg der midt inne i det som ein berre trudde var godt og vakkert. Er det mogleg å få tak i menneska blant landssvikarane og nazistane utan å unnskylde dei? Skal vi la den vonde historia ligge i fred og tenke at det heile er ferdig utsona med landssvikoppgjeret etter krigen? Eller skal vi grave opp igjen den skamma som så mange har halde skjult og ikkje vil snakke om? Kven skal i så fall gjere arbeidet? Er det historikarane? Eller har etterkommarane eit eige ansvar for å gå inn i det som deira eigne foreldre og besteforeldre har halde skjult for dei? Boka Kjære moder! SS-offiser og frontkjemper P. TH. Sandborgs brev hjem 1940–1944 kom ut i 2020, tilrettlagt av Kari Berle Nilsen. I 2022 gav Heming H. Gujord ut boka Skåla. Mitt landssvik der han går opp spora etter sin eigen bestefar. Dei to bøkene ligg til grunn for samtalen mellom Kjartan Fløgstad, Åsa Linderborg, Sigurd Sørlie og Heming H. Gujord. Samtalen blir leia av Tom Kristiansen.

Bidragsytere

Heming Helland Gujord

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen
Aktiv cristin-person

Tom Kristiansen

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi ved UiT Norges arktiske universitet

Sigurd Christian Sørlie

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for forsvarsstudier ved Forsvarets høgskole

Åsa Linderborg

  • Tilknyttet:
    Forfatter

Kjartan Fløgstad

  • Tilknyttet:
    Forfatter
1 - 5 av 7 | Neste | Siste »