Sammendrag
Gjennom Klima 2000-programmet er det gjennomført eit grundig arbeid med å analysere prosessfôrårsaka byggskadar etterforska av SINTEF Byggforsk. Etableringa av eit elektronisk byggskadearkiv gir oss eit nødvendig kunnskapsunderlag for å studere sårbarheita til ulike konstruksjonar og material. Vi presenterer her nokre skadeerfaringar knytta til puss på isolasjon. Mange av systema står godt, og ofte er dette ein god måte å isolere på. Men, gjennomgangen viser også at slike fasadesystem er spesielt utsette i område med stor slagregnbelastning. Dette fordi konsekvensen av riss og andre svakheitar i pussen her er størst, og fordi det ofte ikkje blir bruka beslag mot nedbør som er tilpassa fasadesystema. Fasadesystem med puss på isolasjon har liten sjølvuttørkingsevne, og er derfor ekstra sårbare for fukt som trenger inn til isolasjonslaget.
Vis fullstendig beskrivelse