Cristin-resultat-ID: 679868
Sist endret: 30. mai 2017, 11:27
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2008

Relevanssystem, danning og praksisrefleksjon

Bidragsytere:
  • Kåre Sigvald Fuglseth

Presentasjon

Navn på arrangementet: FoU i praksis
Sted: Trondheim
Dato fra: 17. april 2008
Dato til: 18. april 2008

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2008

Importkilder

ForskDok-ID: r08022408

Klassifisering

Emneord

Fenomenologi • Religionsundervisning

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Relevanssystem, danning og praksisrefleksjon

Sammendrag

Innlegget byggjer på ein studie av innleverte studenttekstar ved allmennlærarutdanninga i Bodø dei siste åra med refleksjonar frå praksis i KRL-faget i grunnskulen. Studenttekstane er definerte som praksisessay (praksisforteljing med fagdidaktisk refleksjon over forteljinga) på 4-5 sider. Tekstbasen er no på om lag 500 tekstar. Innlegget analyserer både kva slike essay lærer utdannarane og kva studentane lærer i og av eigen praksis. Teoretisk byggjer eg på kunnskapssosiologiske innsikter (Schütz, Berger/Luckmann) kombinert med liknande perspektiv i hermeneutikk, narrativ filosofi, Klafkis danningsteoriar og med teoriar utvikla i samband med masterutdanninga i praktisk kunnskap ved Høgskolen i Bodø. I denne masterutdanninga har ein i lengre tid arbeidd systematisk med praksisessay som refleksjonsmetode og presentasjonsform med utgangspunkt i dei røynslene praktikaren sjølv gjer. Dette røynsleperspektivet kan samanliknast med det subjektive perspektivet i det fenomenologisk kunnskapssosiologi kallar relevanssystemet i kunnskapslageret. I KRL-didaktisk forsking er det særleg aktuelt å kartleggje det oppfatta relevanssystemet i høve til fagkunnskap og kategorial danning med demokratiske ideal. Den praktiske kunnskapen som blir reflektert fram i essaya er mest lærar- og undervisningsfokusert og mindre elev- og læringsfokusert, og med sitt subjektive utgangspunkt representerer metoden til ein viss grad ei ny tilnærming til refleksjonsforskingsfeltet. Studien har ikkje som mål å analysere situasjonen i norsk skule generelt eller i dette faget spesielt, men analyserer studentane si oppfatning av lærarskulen, praksisen i grunnskulen og forholdet mellom teori og praksis på tekstnivå. Vi kan først og fremst bruke materialet til å vurdere denne arbeidsforma som læringsform: prosesskriving med praksisessay. Men eg får kunnskap om mitt eige praksisfelt frå utsida, og denne kunnskapen kan eg så samanlikne med forteljingar og analysar av eigen praksis, mitt eige relevanssystem. Arbeidsforma fungerer såleis godt på fleire nivå samstundes. Kunnskapen som kjem fram blir personleggjort, noko som er heilt avgjerande i all praksiskunnskap.

Bidragsytere

Aktiv cristin-person

Kåre Sigvald Fuglseth

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet
1 - 1 av 1