Cristin-resultat-ID: 698756
Sist endret: 18. oktober 2016, 11:19
Resultat
Vitenskapelig foredrag
2010

Skriving i multimodale tekstar

Bidragsytere:
  • Arne Johannes Aasen

Presentasjon

Navn på arrangementet: FoU i praksis 2010
Sted: Trondheim
Dato fra: 11. mai 2010

Om resultatet

Vitenskapelig foredrag
Publiseringsår: 2010

Importkilder

ForskDok-ID: r10014200

Klassifisering

Emneord

Literacy • Design

Beskrivelse Beskrivelse

Tittel

Skriving i multimodale tekstar

Sammendrag

Abstrakt: Konferansebidraget vil undersøke kva det inneber å skrive i tekstar der skrifta produserer meining saman med andre teiknsystem. Elevar i skulen lagar ofte tekstar der dei kombinerer skrift med andre uttrykksmåtar som til dømes grafar, tabellar, illustrasjonar, bilde osb. Dei forskjellige faga har eigne konvensjonar for å lage slike samansette tekstar (som kombinerer forskjellige uttrykksmåtar som skrift, bilde, lyd osb.), og det er sannsynleg at nyare IKT-teknologi inneber at elevar i større grad lagar samansette tekstar i skulen. Skrift har alltid vore ein sentral uttrykksmåte i skulen og er framleis det. Samtidig skjer skrivinga innan andre rammer gjennom endringar i skriveteknologiar og mediekultur. Derfor er det nødvendig å undersøke nærmare kva det har å seie for skriveprosessen at skriving føregår i samspel med andre uttrykksmåtar. Lærarar treng kunnskap om dette for å bidra til at elevar utviklar kompetansen i å kombinere uttrykksmåtar ut frå måla for opplæringa. Ut frå denne bakgrunnen er perspektivet i dette framlegget snevra inn til å undersøke rolla til skriving i produksjonen av samansette tekstar i skulen. Problemstilling: Kva kompetanse treng elevar for å kombinere skrift med andre uttrykksmåtar i tekstar? Eit teoretisk utgangspunkt for undersøkinga er ein modell utvikla av språkforskaren Gunther Kress. Den undersøker kommunikasjon og produksjon av meining, og Kress skriv at vi treng omgrep for å: 1) bestemme modalitetane i ei ytring (teiknsystem som skrift, tale osb.), 2) bestemme bruken av modalitetar i ytringa (literacy, numeracy osb.), og 3) bestemme kva medium som ytringane er formidla gjennom (bok, skjermtekst osb.). Eit anna omgrep til Kress, som er relevant for å utvikle uttrykkskompetansen til elevar, er design: Når eleven skal designe ein tekst, må han velje uttrykksmåte ut frå kva som skal formidlast til kven. Dette inneber at eleven både må vurdere kommunikasjonssituasjonen og kva uttrykksmåtar som er eigna (både i forhold til situasjonen og emnet).Eg vil bruke ein elevtekst som utgangspunkt for å undersøke korleis designomgrepet og dei tre aspekta i modellen til Kress kan inngå i vurderinga av kompetansen til eleven i skriving og samansette tekstar.

Bidragsytere

Arne Johannes Aasen

  • Tilknyttet:
    Forfatter
    ved Institutt for lærerutdanning ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
1 - 1 av 1